Psychonauts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Psychonauts
Utviklar(ar)Double Fine Productions
Utgjevar(ar)Majesco
Design(ar)Tim Schafer
Kunstnar(ar)Scott Campbell
Komponist(ar)Peter McConnell
UtgjeveXbox
NA: 19. april 2005
EU: 10. februar 2006
Microsoft Windows
NA: 26. april 2005
EU: 10. februar 2006
PlayStation 2
NA: 21. juni 2005
EU: 10. februar 2006
Digital nedlasting
11. oktober 2006 (Steam)
4. desember 2007(Xbox Originals)
SjangerEventyr, plattform
SpelemodusEinspelar
Biletoppløysning720p
Versjon1.04 (21. september 2005)
MediumCD, DVD, Steam-nedlasting
Stødde einingarHandkontroll, tastatur, mus
AldersgrensePEGI: 12+
ESRB: T
USK: 12+

Psychonauts er eit plattformspel skapt av Tim Schafer, utvikla av Double Fine Productions og utgjeve av Majesco for PlayStation 2, Microsoft Windows og Xbox. Det vart utgjeve i Nord-Amerika på Xbox og Windows i april 2005, og på PlayStation 2 juni same året. I Europa kom spelet på alle dei tre plattformene den 10. februar 2006. Det er også tilgjengeleg som digital nedlasting på Steam og som ein «Xbox Original» gjennom Xbox Live Marketplace.

Spelet handlar om ungguten Razputin (ofte korta «Raz») med psykiske tamar som rømmer frå eit sirkus for å snika seg inn i ein sommarleir for folk like psykiske eigenskapar. Her håpar han på å kunne bli ein «Psychonaut». Etter kvart finn han ut at nokon legg skumle planar i leiren som berre han kan hindra. Som ein Psychonaut-lærling må han koma seg inn i tankane til forskjellige karakterar i spelet for å hjelpa desse i å koma over redslene eller minna frå fortida si, slik at han kan få hjelp frå dei og koma vidare i spelet. Undervegs lærer Raz nye psykiske triks som kan bli brukte både for å åta fiendar og løysa gåter.

Psychonauts fekk generelt svært god kritikk, men selde ikkje so mange kopiar og utgjevar Majesco opplevde økonomiske vanskar mellom anna grunna dette spelet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]