Puirt à beul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Puirt à beul (uttalt [pʰurˠʃtʲ a ˈpial̪ˠ], bokstaveleg 'tonar frå ein munn') er ei tradisjonell songform frå Skottland (kjend som portaireachtIrland) som set gæliske tekstar til instrumentale melodiar. Historisk blei dei brukte som musikk til dans når ein ikkje hadde instrument, og til å overføra instrumentale melodiar munnleg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis omfattar forma ein enkeltutøvar som syng muntre, nokre gonger våga tekstar. Orda blir av og til supplerte med meiningslause vokablar.

I puirt à beul har som regel rytmen og lyden til songen meir tyding enn rytmen til teksten. Ein syng vanlegvis puirt i ein takt på 44 (reel eller strathspey) eller 68 (jig). Tradisjonelt har musikkforma blitt framført av ein solosongar, men det finst i dag også mange korarrangement av puirt à beul, og frå tid til annan blir det framført av grupper på festivalar.

Nokre element av puirt à beul kan ha oppstått som hugsehjelp eller som alternativ til instrumentalformer som sekkepipemusikk.[1]

« We also have puirt a beul or mouth music—songs in which the rhythm of the words is meant to replicate the rhythm of certain dance tunes. Some of these songs may have been composed to assist fiddlers, and occasionally pipers, in learning a tune. Others may have been composed as a means of remembering tunes when the playing of the bagpipes or fiddle were proscribed or frowned upon.[2] »

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Eit kjent døme på puirt à beul er «Brochan Lom», som blir sunge i filmen Whisky Galore!, og opptrer som bakgrunnsmusikk i filmen The Bridal Path.[3] Eit anna eksempel, sunge av Kitty MacLeod og systera hennar, opptrer i Walt Disney-filmen Rob Roy, the Highland Rogue under bryllaupsfeiringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Newton, Michael (Summer 1997). «Were the bagpipes ever banned in Scotland?» (PDF). Am Bràighe (Mabou, NS). Arkivert frå originalen (PDF) 24. januar 2011. «mnemonic devices for encoding bagpipe and fiddle tunes, before the year 1746» 
  2. Am Baile Arkivert 2015-09-19 ved Wayback Machine. (The Gaelic Village)
  3. «Am Baile - Highland History and Culture». www.ambaile.org.uk. Arkivert frå originalen 26. februar 2020. Henta 3. september 2022.