Punsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Southern Bourbon-punch
Australsk punsjbolle

Punsj er ein selskapsdrikk som i regelen er blanda av alkohol og andre ingrediensar. Punsj blir gjerne servert i ein vid bolle, og har gjerne lågare alkoholinnhald enn andre cocktailar.

Drikken er kjend frå 1600-talet, først gjerne i tilknyting til Ostindia (Sør- og Søraust-Asia). Det engelske namnet punch kjem truleg frå sanskrit pañca, 'fem', som er pañc på mange talte indiske språk. Punsj blei tradisjonelt laga med fem ingrediensar som kunne vera arak, vatn, te, sukker og krydder. Ein kan også laga punsj med andre typar brennevin eller vin og eventuelt blanda inn fruktbitar.

I skandinaviske land fekk punsj særleg tyding som selskapsdrikk. Denne blei gjerne blanda heime og servert varm. Seinare har ein også fått fabrikkframstilt punsj som gjerne kan drikkast kald.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Punsj» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 26. juli 2015.
  • «punch, n.3.» OED Online. Oxford University Press, June 2015. Web. Henta 26. juli 2015.