Drikken arak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit glas med anis-arak som er blitt kvit etter at vatn er tilsett.

Arak kan visa til fleire ulike typar asiatisk brennevin. I Midtausten er nemninga knytt til produkt smaksett med anis, i Sør- og Søraust-Asia kan arak vera laga av gjæra palmesaft eller sukkermelasse og ris. Ordet «arak» kjem opphavleg frå arabisk og tyder bokstaveleg 'saft' eller 'sveitte', men viste tidlegare helst til ʿaraq at-tamr, [gjæra] daddelsaft'.[1]

Arak med anissmak laga av druedestillat er særleg utbreidd i Libanon og kringliggjande land.[2] Han minner mykje om gresk ouzo og tyrkisk raki. Drikken er klar på farge, men blir kvit når ein blandar han med vatn.

I Sudan er det lokale, klare brennevinet laga av daddelsaft eller sorghum kjend som araqi[3] eller aragi. Ein tilsvarande drikk er også kjend frå Saudi-Arabia.[4]

Arak til mat på Sri Lanka.

Sri Lanka og delar av India har ein omfattande produksjon av arak laga av palmesaft.[2] Drikken er som regel brun på farge.

I Indonesia lager ein romliknande arak av sukkermelasse og kaker av tørka ris.[2] Denne drikken kan vera brun eller klar på farge.

I Mongolia er arak laga av gjæra hestemjølk. Namnet har minst vore brukt sidan 1300-talet.[4]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Arak kan drikkast åleine eller saman med måltid.[4]

Drikken har vore nytta i Norden til punsj og til matlaging. Han er framleis i utstrekt bruk i Sverige, der han i tillegg til i punsj kan brukast til bakverk, sjokolade og is.[5]

Produksjon og lovgjeving[endre | endre wikiteksten]

Arak-destillering i Batavia på Vest-Java i 1948.
Småskala-destillering av arak i Kerala i India.

Arak kan lagast på ulike måtar, både i småskala (liknande heimebrent) eller industrielt. I Libanon er alkoholvolumet for drikken fastsett til 53 %, og betre produkt går gjennom tre destillasjonar.[4] Andre stader er arakproduksjon uregulert eller utført ulovleg. Feilprodusert arak kan innehalda det døydelege stoffet metanol.[6]

I muslimske land med streng sjarialovgjeving kan produksjon og bruk av arak vera ulovleg, som i Sudan sidan 1983.[3] Drikken er også blitt forboden i dei indiske delstatane Kerala (i 1996)[7] og Karnataka (i 2007).[8]

Bilde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «arrack, n.». OED Online. Oxford University Press, March 2015. Henta 8. juni 2015.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Arak» (9. mars 2012). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. juni 2015.
  3. 3,0 3,1 Lucy Fleming. «Sudan's date-gin brewers thrive despite Sharia». BBC News, 29 April 2010. Henta 8. juni 2015.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Liquid fire». The Economist, Dec 18th 2003.
  5. «Arrak». Systembolaget.se, 2014. Henta 8. juni 2015.
  6. «More alcohol deaths in Indonesia», BBC News, 2 June 2009.
  7. Arrack ban to stay in Kerala
  8. Arrack ban in Karnataka from tomorrow, Economic Times; Siddu wants cheap, safe liquor for poor, Deccan Hrald