Putto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To kjende puttoar måla av Rafael i måleriet Sistinske Madonna.

Putto (italiensk for 'liten gut', fleirtal putti) er ei nemning for småbarn framstilte i italiensk kunst frå byrjinga av renessansen. Barna er ofte nakne, trinne og kan visast med eller utan venger.[1] Dei kan spela musikk, dansa, le eller gråta.[2]

Puttoane er eigentleg ei omforming av dei gotiske barneenglane, som igjen går tilbake til erotane frå antikken.[1] Dei blir også kalla for kjerubar, sjølv om dette opphavleg viser til ein anna type engel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Puttoar på ein sarkofag.

Puttoar er eit klassisk motiv som ein særleg finn på barnesarkofagar frå 100-talet. Her er dei framstilte medan dei dansar, slost, tek del i idrett eller bakkanal og så bortetter. Tidlege kristne framstilte englar som puttoar.[3]

Renessansen[endre | endre wikiteksten]

Putto med fisk av Donatello.

Puttofiguren blei gjeninnført i kunsten under renessansen. Dette blir særleg tilskrive Donatello i Firenze 1420-åra, sjølv om dei også opptrer tidlegare. Jacopo della Quercia framstilte til dømes puttoar med kransar på minnesmerket sitt for Ilaria del Carretto i Lucca-katedralen frå 1406.[3] Frå denne tida opptredde puttoar både i religiøs og verdsleg kunst i Italia og frå starten av 1500-talet også i Nederland og Tyskland og i seinrenessansen i Frankrike. Dei best kjende kunstnarane som framstilte puttoar var Donatello og Rafael (med Giulio Romano og Giovanni da Udine).

Puttoar i den barokke Klosterkirche St. Dionysius und Juliana i Tyskland.

Eit høgdepunkt for bruk av puttoar fann stad i Sør-Tyskland på midten av 1700-talet, der dei pryder mange fantastiske konstellasjonar av ornamentikk og stukk.

Bruken av puttoar blei også gjenoppliva på 1800-talet, då dei blei brukt i måleri av franske akademiske målarar, i Gustave Doré sine illustrasjonar til Orlando furioso, og til og med i reklame.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Putto. Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 17. juli 2018. 
  2. Putti i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1915)
  3. 3,0 3,1 Langdon, Anthony (2001). «Putto». The Oxford Companion to Western Art. Oxford University Press. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Putto
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.