Donatello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«David» av Donatello.

Donatello (ca. 138613. desember 1466) var ein italiensk renessansekunstnar og skulptør, ein av dei største bilethoggarane i ungrenessansen. Han er kjend som den som attoppfann skulpturkunsta i samtida si, og skulpterte i bronse, stein, tre og terrakotta. Donatello laga relieff, akt, ryttarstatuar og sitjande og ståande enkeltfigurar.

Statue av Donatello ved Uffizigalleriet i Firenze.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Dontaello var fødd Donato di Niccolò di Betto Bardi i Firenze. Faren var medlem av ullkardarlauget i Firenze, men sonen fekk hjelp til å bli kunstnar av den rike Martelli-familien. Han var gullsmedlærling, arbeidde ei tid med tidlegrenessansekunstnaren Lorenzo Ghiberti, og utførte studie med Filippo Brunelleschi i Roma. Tilbake i Firenze utsmykka han fleire kyrkjer, som San Giovanni-baptisteriet, domkyrkja i Firenze og Orsanmichele.

«Judit og Holofernes» av Donatello.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1430 fekk Donatello i oppdrag av Cosimo de' Medici å laga ein bronsestatue av David til å stå i Palazzo Medici. Statuen var den første frittståande aktstatuen laga sidan antikken. «David» blei ein av dei viktigaste statuane frå ungrenessansen, og er det best kjende verket til Donatello.

I 1443 fekk han i oppdrag å laga ein ryttarstatue av Erasmo da Narni i Padova. Igjen var dette den første bronsestatuen av ein ryttar sidan antikken.

Donatello utførte også fleire religiøse statuar for kyrkjer, mellom anna eit krusifiks og Madonna med barn vakta av to sfinksar for Sant'Antonio-basilikaen i Padova, Judit og Holofernes for domkyrkja i Siena og den naturalistiske trestatuen av Maria Magdalena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Donatello
Spire Denne kunstartikkelen som har med Italia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.