Pyramidar

Pyramidar er byggverk med ein kvadratisk polygon som grunnflate og trekanta sider som møter kvarande i ein spiss i toppen.[1] Forma deira er hovudsakleg som ein pyramide i geometrisk tyding; det vil seia at dei ytre overflatene er triangulære (trikanta), firkanta eller ei kva som helst polygon (mangekanta) form, men at det er minst tre ytre trekanta overflater (minst fire flater inkludert fundamentet). Ein kvadratisk pyramide med eit kvadratisk fundament og fire trekanta ytre overflater, er ein vanlig versjon.
Pyramidar har vore bygde av fleire folk opp gjennom historia. Dei har hatt form som høye byggverk som smalnar mot toppen, liknande ein pyramide innan geometri. Best kjend er pyramidane frå Egypt i oldtida, pyramidane i Egypt, som var forma som pyramidar i full forstand. Dei var gravstad for fleire av faraoane. Dei hadde òg tempel i nærleiken, der det vart skipa til fleire seremoniar.
Ein omtalar òg andre byggverk som pyramidar. Best kjend er kanskje forskjellige byggverk som vart bygd av fleire folkeslag i Amerika i prekolumbiske sivilisasjonar. Desse hadde ikkje form som fullstendige pyramidar, men som høge byggverk med skrånande sider. Dei vart nytta til religiøse seremoniar, som til dømes menneskeofring.
I Mesopotamia, på Kanariøyane og Maldivane har det vore liknande byggverk.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Brodby-Johansen, R. (1977): Kunstordbog, Thaning & Appel, s.171