Egypt i oldtida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Egyptisk historie
Pyramide og sfinksRosettasteinenBøn i KairoGamal Abd al-Nasser i militæret

Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr.
Egypt under persarane: 525 f.Kr.–332 f.Kr.
Egypt under ptolemearane: 332 f.Kr.–30 f.Kr.
Aegyptus, under romersk styre: 30 f.Kr.–639
Det arabiske Egypt: 639–1517
Egypt under osmanarane: 1517–1805
Reform og modernisering: 1805–1882
Egypt under europearar: 1882–1953
Sjølvstendige Egypt: sidan 1953

Egypt i oldtida eller det gamle Egypt er historia om den egyptiske statsdanninga som vart til kring 3300 f.Kr. og vara i to tusen år; arkeologiske funn tyder på at det eksisterte eit utvikla samfunn i Egypt òg lenge før denne epoken. Pyramidene ved Giza, som vart bygd under det fjerde dynastiet, er symbol på makta til religionen og staten. Den største pyramiden, Kheopspyramiden, er den einaste attverande av sju underverk i oldtida. Det gamle Egypt nådde høgda av si makt, rikdom og utbreiing i Det nye riket (1567-1085 f.Kr.). Egyptarane nådde Kreta kring 2000 f.Kr. og vart invadert av indoeuropearar og eit folkeslag kalla hyksos. Dei sigra over inntrengjarane kring 1570 f.Kr. og ekspanderte mot Egearhavet, Sudan, Libya og store delar av Sørvest-Asia, så langt som til elva Eufrat.

Nilen[endre | endre wikiteksten]

Den årlege overflauminga av Nilen gjorde at jordbruket i Egypt tidleg produserte eit stort nok overskot til å oppretthalde ein rik sivilisasjon. Eit egyptisk rike blei grunnlagd i 3200 f.Kr av kong Narmer, og ulike dynasti kom til å styre dette området som ei eining i nærare 3000 år framover. Egypt i oldtida var styrt av faraoar, som gjorde krav på å stamme frå gudane. Pyramidane i Egypt stammar frå denne tida, det same gjer dei kjende gravkamra i Konganes Dal der grava til Tut-ankh-Amon blei funne i 1922.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.