Pyrolusitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pyrolusitt
Pyrolusite Mineral with Dendrite Macro Digon3.jpg
Pyrolusittmineral med dendritt (høgd ~ 9 cm).
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelMnO2
Strunz-klassifisering04.DB.05
Identifikasjon
FargeMørk, svart til lysegrå, stundom blåaktig
Krystallformkorna til massive: botryoidal og dendrittisk. Krystallar sjeldne
KrystallsystemTetragonal
Tvilling{031}, {032} kan vere polysyntetisk
Kløyvperfekt på 110
BrotSprø
Mohs hardleiksskala6–6.5, 2 når massive
GlansMetallisk, matt til jordaktig
StrekfargeSvart til blåsvart
Spesifikk vekt4.4–5.06
Optiske eigenskapar
BrytingsindeksUgjennomsiktig
Kjelder[1][2][3]
Viktige variantar

Pyrolusitt er eit tetragonalt mineral som består av mangandioksid, MnO2, dimorft med ramsdellitt. Det er eit omvandlingsprodukt av andre manganmineral og opptrer oftast i massiv eller jordaktig form (brunstein), sjeldan som krystall (polianitt). Fargen er gråleg til svart.

Mineralet vert nytta i den kjemiske industrien til framstilling av mangan og mangansambindingar, dessutan som oksidasjonsmiddel ved framstilling av klor, klorkalk og oksygen, og dessutan i glasfabrikasjonen, til tørrelement og anna. Store førekomstar finst i Russland og India. Mineralet er sjeldan i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]