Qalhat
Qalhat | |||
landsby | |||
Bibi Maryam mausoleum
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ash Sharqiyah Sør guvernement | ||
Koordinatar | |||
![]() Qalhat | |||
Wikimedia Commons: Qalhat | |||
Qalhat eller Galhat er ein oldtidsby som ligg litt over 20 km nord for Sur, i Ash Sharqiyah Sør guvernement nordaust i Oman.
Det er lite att av oldtidsbyen utanom eit mausoleum for Bibi Maryam. Byen var ein viktig stoppestad for handelen i Indiahavet, og var og den andre byen i kongedømet Ormus.[1] Staden dekkjer meir enn 240 mål og den gamle byen var omgjeven av festningsmurar og hadde hus og butikkar. Ein har funne gjenstandar frå Persia og Kina på staden.[1]
Verdsarv[endre | endre wikiteksten]
Staden fekk status som mogeleg verdsarvstad av UNESCO i 1988.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Qalhat» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: The Ancient City of Galhat - UNESCO World Heritage Centre Henta 2009-03-03.