Sur i Oman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sur
by
Land  Oman
Guvernement Ash Sharqiyah Sør guvernement
Koordinatar 22°34′0″N 59°31′44″E
Folketal 71 152
Tidssone Oman standardtid (UTC+4)
Kart
Sur i Oman
22°34′0″ N 59°31′44″ E
Wikimedia Commons: Sur, Oman

Sur (arabisk صور) er ein by og det administrative senteret i Ash Sharqiyah Sør guvernement, nordaust i Oman, ved kysten av Omanbukta. Han ligg 150 km søraust for den omanske hovudstaden Muscat. Byen har litt over 70 000 innbyggjarar.

Av nærliggande landsbyar finn ein Dughmur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 500-talet var Sur alt eit handelssenter og dreiv handel med Aust-Afrika. På 1500-talet var han under portugisisk styre, men vart frigjort av den omanske imamen Nasir ibn Murshid og gjennomgjekk ein økonomisk oppgang som handelssenter med India og Aust-Afrika. Dette heldt fram til midten av 1800-talet, då britane avskaffa slavehandel. Det gjekk òg dårlegare for byen etter Suezkanalen opna, og mykje av handelen med India forsvann.

Skipsbygging[endre | endre wikiteksten]

Sur var ein av dei mest kjende byane i Persiabukta for bygging av trebåtar. Det er bygd mange skip i denne byen, som sambuk og ghanjah.[1] Desse reiste så langt som til Kina, India, Zanzibar, Irak og mange andre land. Fartøya vart òg nytta til perlefiske.

Byen har framleis eit godt rykte som ein stor dhow-byggjar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sur har eit heitt ørkenklima med særs lite regn og høge temperaturar. På grunn av plasseringa ved kysten, vert nattetemperaturane aldri låge. Ein har ingen markerte årstider, men mars har ein tendens til å vere den våtaste månaden, og september den tørraste.

Stundom vert Sur råka av syklonar. I 2007 råka syklonen Gonu byen og i 2010 vart han råka av syklonen Phet.

Vêrdata for Sur i Oman
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 33,4 37,4 42 44,2 48 49,8 48 47,2 44 42,5 36,8 34,6 49,8
Gjennomsnittleg maks °C 26,3 28,4 31,7 36,5 41,3 41,7 40,5 38,9 38,4 35,7 31,1 27,7 34,8
Døgnmiddeltemperatur °C 21,7 22,5 25,5 29,9 33,4 34,1 33,2 31,1 30,8 29,2 25,3 22,7 28,3
Gjennomsnittleg min °C 17,7 18,9 21,7 25,7 29,8 30,7 29,5 27,8 26,9 25 21,3 18,8 24,5
Lågast målte °C 7 8,8 9,6 17,5 22,5 16,8 17,2 16 15 14,2 9 8,8 7
Gjennomsnittleg nedbør mm 11 9,8 17,2 7,7 1,7 13,4 3,2 2,5 0 1,7 3,3 10,9 82,4
Gns. luftfukt (%) 69 70 63 56 53 56 59 65 63 60 66 69 62
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN)[2]NOAA (extremes, mean, fukt, 1977-1990) [3]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Traditional Dhow, arkivert frå originalen 25. juli 2012, henta 5. juni 2016 
  2. «World Weather Information Service - Sur». October 2011. Henta January 15, 2013. 
  3. «Sur Climate Normals 1977-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta January 15, 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]