Qamutiik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qamutit med ein kajakk oppå, og sovande hundar i bakgrunnen.

Qamutiik (ᖃᒧᑏᒃ,[1] alternativ stavemåte qamutik, komatik, grønlandsk qamutit[2]) er ein tradisjonell inuittisk slede som er utforma for reise på snø og is.[3][4] Ho er bygd ved hjelp av tradisjonelle designteknikkar, og blir framleis brukt på 2000-talet for reise i arktiske område.

Ordet «qamutiik» kjem frå dei inuittiske språka, som blir snakka av inuittar i nordlege Canada, Alaska og Grønland. Qamutiikar er vanlegvis av tre og blir trekte av sledehundar, snøscooterar eller andre transportmiddel. Dei er tilpassa eit arktisk miljø med havis, og er utforma for å vera lette og robuste med ein låg profil som gjer dei lettare å manøvrere over røft terreng. Qamutiikar er ein viktig reiskap for transport og jakt i inuittsamfunn.

Design[endre | endre wikiteksten]

Ein qamutiik med napookar festa rett på meiane.

Det viktigaste særmerket til ein qamutiik er at han ikkje er bygd med spikar eller skruar til å halda meiane og dei kryssande stykka på plass. Kvart stykke blir bora og bunde fast til det neste, og dette gjev ein fleksibilitet i rørsla som gjer at sleden kan tola reise på open havis, frose land, drivis og over den tunge isen i tidvassoner.

Krosstykka blir kalla napook. Kvar napook har eit hakk nær endane som ein nyttar til å binda dei fast med snøringar som også går gjennom hol bora gjennom meiane. Den fyrste og siste napooken blir festa individuelt til meiane, ved hjelp av ein tryggare knute og to hol i meiane. For dei sentrale napookane er det eit enkelt hull i meien for kvar napook, og alle dei sentrale napookane blir festa i eit kontinuerleg snøre langs kvar side. Denne festemetoden dannar ein sjølvstramande knute. Napookar frå tidleg på 2000-talet er ideelt sett laga av hardt trevirke som eik eller valnøtt.

Arkivmateriale og historier frå eldre viser at folk i område utan tilgang på trevirke laga meiar av frosne fiskar som var pakka inn i skinn.[5][6] Mose og is blei brukt på botnen av meien for å redusera friksjon. Dei blei kalla pilraaq. På 2000-talet er tremeiar i bruk overalt, vanlegvis anten av edelgran eller kryssfiner, og vanlegvis med eit lag av polyuretan eller nylon for å redusere friksjon.

Britiske og amerikanske dagbøker og forteljingar frå 1800-talet og tidleg 1900-tal fortel korleis utforskarar som var fast bestemt på å bruke sledar frå sin tradisjon fann ut ristinga på havisen var så sterk at spikrane blei kasta ut, og sleden fall frå kvarandre nokre kilometer etter byrjinga. Dei tok så i bruk sledar i inuittstil.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Jegerleir ved ein driviskant, med qamutiik lasta med boksar dekte med presenning. Snøscooter i bakgrunnen.

Ein bruker qamutiik til ulike typar reiser i Arktis, frå ettermiddagsturar med familen til fleire dagars jaktreiser som går over hundrevis av kilometer. Dei fleste qamutiikar har plass til bensinkanner, ein turbrennar og ein proviantkasse, som ein plasserer med lett tilgang, slik at ein kan ha raske rastar med te og mat. Anna utstyr og tilbehøyr er festa til sjølve sleden, og passasjerane kan anten sitja på toppen av denne lasta og halda fast i snøringane, eller, i dei meir moderne versjonane, sitja meir komfortabel i ein «kasse» festa til sleden, til tider med vern frå ein liten skjerm eller presenning.

Pakking og snøring av ein slede er ein kunst. Ein må plassera vekta lågt ned på sleden, for å redusere risikoen for at han tippar. Det finst ulike strukturar og materiale for å verne passasjerane, og jegerar byggjer små, smidige versjonar for å gje høve til dei raske dagsturar.

Qamutiikane blei tradisjonelt trekte av trente hundar. Dei kan òg trekkast av menneske eller, sidan slutten av 1800-talet, av ein snøscooter. Storleiken deira varierer etter funksjon og tilgang på materiale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Glosbe Inuktitut-English dictionary
  2. «Dictionary Search « Oqaaserpassualeriffik». Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 3. mars 2015. 
  3. Glosbe Inuktitut-English dictionary
  4. «Dictionary Search « Oqaaserpassualeriffik». Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 3. mars 2015. 
  5. «Way Way up: Try Building One of These at Home!». Arkivert frå originalen 10. desember 2017. Henta 10. desember 2017. 
  6. Qamutik