Qasr al Hallabat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°4′N 36°22′E
Qasr al Hallabat
by
Qasr Al-Hallbat complex.jpg
Land Flag of Jordan.svg Jordan
guvernement Zarqa guvernement
Koordinatar 32°4′N 36°22′E
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Qasr Al-Hallabat

Qasr al Hallabat er ein by i Zarqa guvernement nordvest i Jordan. Byen er kalla opp etter omajadeborga som ligg der. Aust for borga ligg Qasr Hammam As Sarah. Byen ligg nordaust for hovudstaden i Amman.

Borga[endre | endre wikiteksten]

Qasr al-Hallabat ligg i den austlege ørkenen i Jordan. Opphavleg var det ei romersk festning bygd under keisar Caracalla for å verne innbyggjarar frå beduinstammer. Staden er datert til 100- eller 200-talet evt., men det er spor av nabatearar her frå tidlegare tider. Det var eit av mange fort langs dem romerske vegen Via Nova Traiana, ei rute som gjekk frå Damaskus til Akaba via Petra og Amman. På 800-talet gav omajaden Hisham ibn Abd al-Malik ordre om å øydeleggje det romerske bygget for å byggje opp at det som skulle bli det største av alle dei omajadiske ørkenpalassa.

Med i denne planen var ein moské (som ligg 15 meter søraust for hovudbygget), eit komplisert vatningssystem med fem cisterner og eit stort vassreservoar og eit bad. Vest for palasset ligg ei innhegning som truleg vart nytta til jordbruk, som oliven eller druer. Berre tuftene etter dette bygget står att i dag, medan tre veggar av moskeen framleis står. Hovudbygget er bygd av svart basalt og kalkstein og har eit firkante golvplan med tårn i kvart hjørne.

Kring 1400 meter aust for palasset står ruinane av moskeen ved Qusayr al-Hallabat. Ho er liten, berre 10,70 x 11,80 meter og er bygd i lagvis kalkstein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Qasr al Hallabat