Al Qastal i Jordan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°44′49″N 35°56′8″E
Al Qastal
by
Land Flag of Jordan.svg Jordan
guvernement Amman guvernement
Koordinatar 31°44′49″N 35°56′8″E
Jordan location map.svg
Locator Red.svg

Al Qastal (arabisk القسطل) er ein by i Amman guvernement nord i Jordan. Han vart opphavleg grunnlagd av omajadane og er den eldste og mest komplette av slike busetnader i Det nære austen.[1] Ruinane av ein minaret i Qastal er særleg viktig, fordi han er den einaste som er att frå omajadane, og er dermed ein av dei eldste minaretane i verda.[2] Qasr Al Qastal, som òg ligg i byen, vert rekna som eit av ørkenpalassa og ligg berre 5 km frå Qasr Mshatta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tekstar frå diktaren Kuthayyir Azza indikerer at Al Qastal opphavleg vart bygd av kalifen Yazid bin Abd al-Malik. Gravsteiner ved Al Qastal indikerer at Abbasidekalifatet tok over etter omajadane. Då Abbasidekalifatet fall var det ein kort periode der staden stod folketom. Seinare busette mamelukkane og ajjubidane seg i Al Qastal, og etterlet seg fleire små bygningar.

Qasr Al Qastal[endre | endre wikiteksten]

Qasr Al Qastal var eit omajadepalass. Bygningen var kring 68 kvadratmeter. Ytterveggen av palasset hadde 12 halvsirkelforma tårn i intervall mellom dei fire store tårna i kvart hjørne.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]