Hopp til innhald

Rändajad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Rändajad»
Song av Urban Symphony

Land Estland
Språk Estisk
Utgjeve 2009
Sjanger Elektropop
Lengd 03:03
Selskap Moonwalk
Komponist James Horner
Tekstforfattar Sven Lõhmus
Låtskrivar(ar) Sven Lõhmus

«Rändajad» (norsk omsetjing ‘reisande’ eller ‘vandrarar’) er ein song med den estiske gruppa Urban Symphony. Han var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Rändajad» var eitt av 10 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2009, arrangert av kringkastaren ERR. I finalen vann songen ein soleklår siger etter å ha fått 82 % av røystene i superfinalen.[1][2] Gjennom sigeren blei «Rändajad» det estiske bidraget til Eurovison Song Contest.[3][4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2009 blei Estland trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen blei arrangert i Olimpijskij Arena i Moskva torsdag 14. mai, og Estland hadde startnummer 18.[5] «Rändajad» blei blant dei ti beste bidraga i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 16. mai.[6] I finalen var «Rändajad» det 15. bidraget på scena.[7] Songen hamna til slutt på 6. plass av 25 bidrag med 129 poeng.[8]

I Eurovision Song Contest stilte Urban Symphony med koristane Marilin Kongo og Mirjam Mesak.[9][10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eesti Laul 2009». 
  2. Webb, Glen (7. mars 2009). «Urban Symphony win Eesti Laul in Estonia». EBU. Henta 7. mars 2009. 
  3. Calleja Bayliss, Marc (7. mars 2009). «Urban Symphony to represent Estonia in Moscow». Oikotimes. Arkivert frå originalen 10. mars 2009. Henta 7. mars 2009. 
  4. Webb, Glen (7. mars 2009). «Urban Symphony win Eesti Laul in Estonia». EBU. Henta 7. mars 2009. 
  5. «Second Semi-Final of Moscow 2009». eurovision.tv. EBU. Henta 16. april 2024. 
  6. «Second Semi-Final of Moscow 2009». European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 25. april 2021. Henta 25. april 2021. 
  7. «Semi-Final qualifiers completed the running order». eurovision.tv. 15. mai 2009. Henta 26. august 2021. 
  8. «Grand Final of Moscow 2009». European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 25. april 2021. Henta 25. april 2021. 
  9. «Estonia: Classy and Atmospheric». eurovision.tv. 6. mai 2009. Henta 26. august 2021. 
  10. «Ethereal harmonies from Estonia». eurovision.tv. 10. mai 2009. Henta 26. august 2021.