Estland i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Estland
EuroEstonia.svg
Offisielt Estland

ERR
Uttakingar
Nasjonalt 25
Internt 0
Deltaking
Debutår 1994
Deltakingar 25
Beste resultat
Semifinalen 3 (2009 og 2015)
Finalen 1 (2001)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2016)
Finalen 24 (1994 og 2011)
Poeng
Semifinalane 1 172
Finalane 1 464
Totalt 2 636

Estland debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke i tevlinga 25 gongar. Estland deltok også i kvalifiseringsrunda til Eurovision Song Contest i 1993, kalla Kvalifikacija za Millstreet, men bidraget Janika Sillamaa og «Muretut meelt ja südametuld» klarte ikkje å kvalifisere seg. Estland har vunne Eurovision Song Contest éin gong, i 2001.[1] Sidan innføringa av semifinalar i 2004, har Estland kvalifisert seg til finalen ved 7 av 16 anledningar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det er den estiske allmennkringkastaren ERR som sender Eurovision Song Contest i Estland, og som vel Estland sitt bidrag til Eurovision Song Contest. I 1993 var Estland eitt av sju nye medlemsland i Den europeiske kringkastingsunionen som ønskte å deltake i tevlinga. For å halde talet på antall deltakande land nede, kravde EBU at dei sju landa måtte gjennom ei eigen førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringa, ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Det estiske bidraget havna på ein femteplass og fekk dimed ikkje deltake i den internasjonale finalen.

Året etter debuterte Estland i Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Dublin. Bidraget «Nagu merelaine» enda nest sist med berre 2 poeng, og dimed var Estland ikkje kvalifisert til Eurovision Song Contest 1995.

Oppturen[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 1996 vart arrangert i Oslo, var Estland tilbake. Dette var starten på det som vart ein sterk periode for det baltiske landet. Estland kom på femteplass i Oslo og ein åttandeplass i Dublin året etter. I 1999 vart Estland nummer seks, og i 2000 var Estland ein av førehandsfavorittane med songen «Once in a Lifetime» av Ines.

Den fyrste sigeren til Estland kom allereie året etter, med songen «Everybody», framført av Tanel Padar og Dave Benton saman med gruppa 2XL. Dette var fyrste gongen eit austeuropeisk land vann tevlinga, og arrangement vart ein stor kostnad for den dåverande kringkastaren ETV. Fyrst i juni fekk kringkastaren finansieringa den trong for å kunne arrangere Eurovision Song Contest 2002.[2] Den lille TV-kanalen henta inn ekspertise utenfrå for å avvikle showet, blant anna stod norske Marius Bratten for TV-regien.[3]

På heimebane fekk landet sin nest beste plassering til nå, då «Runaway» av Sahlene havna på tredjeplass.

Nedturen[endre | endre wikiteksten]

Etter 2002 gjekk Estland inn i ein resultatmessig svak periode. I 2003 vart Estland nr. 21 av 26, og i perioden 2004 til 2008 klarte ikkje Estland å kvalifisere seg til finalen ein einaste gong.

Fyrst i 2009 klarte Estland å kvalifisere seg til finalen, då bidraget «Rändajad» av Urban Symphony havna på tredjeplass i semifinalen og ein sjetteplass i finalen. Ein ny sjetteplass kom tre år seinare med Ott Lepland og songen hans «Kuula». Nok ein topp ti-plassering kom i 2015, då Elina Born og Stig Rästa vart nummer sju med songen «Goodbye to Yesterday». Året etter kom Estland sitt svakeste resultat i Eurovision Song Contest, då det estiske bidraget havna på sisteplass i sin semifinale. Heller ikkje i 2017 klarte Estland å kvalifisere seg til finalen, sjølv om det estiske bidraget var ein av førehandsfavorittane. I 2018 snudde resultata igjen, då Elina Netsjajeva havna på ein åttandeplass i finalen med songen «La forza». Også i 2019 kvalifiserte Estland seg til finalen, med svenske Victor Crone.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Andre språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1993 Janika Sillamaa «Muretut meelt ja südametuld» Estisk Ikkje kvalifisert 47 5
1994 Silvi Vrait «Nagu merelaine» Estisk 2 24
1996 Maarja-Liis Ilus og Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 94 5 106 5
1997 Maarja-Liis Ilus «Keelatud maa» Estisk 82 8
1998 Koit Toome «Mere lapsed» Estisk 36 12
1999 Evelin Samuel og Camille «Diamond of Night» Engelsk 90 6
2000 Ines «Once in a Lifetime» Engelsk 98 4
2001 Tanel Padar, Dave Benton og 2XL «Everybody» Engelsk 198 1
2002 Sahlene «Runaway» Engelsk 111 3
2003 Ruffus «Eighties Coming Back» Engelsk 14 21
2004 Neiokõsõ «Tii» Võro Ikkje kvalifisert 57 11
2005 Suntribe «Let's Get Loud» Engelsk 31 20
2006 Sandra Oxenryd «Through My Window» Engelsk 28 18
2007 Gerli Padar «Partners in Crime» Engelsk 33 22
2008 Kreisiraadio «Leto svet» Serbisk, finsk og tysk 33 22
2009 Urban Symphony «Rändajad» Estisk 129 6 115 3
2010 Malcolm Lincoln og Manpower 4 «Siren» Engelsk Ikkje kvalifisert 57 11
2011 Getter Jaani «Rockefeller Street» Engelsk 44 24 60 9
2012 Ott Lepland «Kuula» Estisk 120 6 100 4
2013 Birgit Õigemeel «Et uus saaks alguse» Estisk 19 20 52 10
2014 Tanja «Amazing» Engelsk Ikkje kvalifisert 36 12
2015 Elina Born og Stig Rästa «Goodbye to Yesterday» Engelsk 106 7 105 3
2016 Jüri Pootsmann «Play» Engelsk Ikkje kvalifisert 24 18
2017 Koit Toome og Laura «Verona» Engelsk 85 14
2018 Elina Netsjajeva «La forza» Italiensk 245 8 201 5
2019 Victor Crone «Storm» Engelsk 76 20 198 4
2020 Uku Suviste «What Love Is» Engelsk Avlyst

Røystehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Estland har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Russland 181
Sverige
3 Noreg 101
4 Latvia 88
5 Danmark 81

Estland har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Finland 107
2 Latvia 105
3 Sverige 81
4 Irland 73
5 Litauen 72

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Estland har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Finland 89
2 Nederland 67
3 Russland 64
4 Ungarn 60
5 Danmark 55

Estland har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Finland 97
2 Latvia 85
3 Litauen 69
4 Portugal 58
5 Kviterussland 49

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Vertskap[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Programleiarar
2002 Tallinn Saku Suurhall Annely Peebo og Marko Matvere

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Estonia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 9. desember 2016. 
  2. «Estland holder Grand Prix». VG Nett. 19. juni 2001. Henta 9. desember 2016. 
  3. Anders Grønneberg (18. april 2002). ««Norsk» GP fra Estland». Dagbladet. Henta 9. desember 2016. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]