Régence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den fem år gamle barnekongen Ludvig XV måla av Hyacinthe Rigaud i 1715.

Régence viser til den perioden i fransk historie då landet var styrt av regenten Filip II av Orléans medan Ludvig XV var mindreårig, frå 1715 til 1723.[1] Hertug Filip av Orléans var nevø av den føre kongen, Ludvig XIV.

Régence-stil[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet viser også til ei stilretning frå omlag denne tida, omlag dei tre første tiåra av 1700-talet. Han markerte ein overgang frå barokken til tidleg rokokko, og har trekk frå begge stilane.[2] Retninga var ein reaksjon mot den pompøse stilen ved hoffet til «Solkongen» Ludvig XIV, og var prega av måtehald med små salongar (petit salon) med smekre, flyttbare møblar.[3] Bein på bord, skap og stolar blei laga med elegante svingar, og møbelflater kunne dekorerast med intarsia.[2] Skrivebord og kommode var nye møbeltypar som blei innførte på denne tida.[3]

Viktige formgjevarar frå denne tida er Jean Berain (1640–1711), Claude Audran (1658–1734), Antoine Watteau (1684–1721), Charles Cressent (1685–1768), Robert de Cotte (1656–1735), Claude Gillot (1673–1722) og Gilles-Marie Oppenord (1672–1742).[3][2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tønnesson, Kåre (20. februar 2018). «régence». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 2,2 Opstad, Lauritz (10. mars 2018). «régence – stil». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Régence style». Encyclopædia Britannica (på engelsk). Henta 12. februar 2019.