Røde Kors Ungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Røde Kors Ungdom c/o Norges Røde Kors' hovudkontor i Hausmanns gate 7 i Oslo

Røde Kors Ungdom er ungdomsorganisasjonen til Norges Røde Kors. Målgruppa for organisasjonen er ungdomar mellom 13 og 30 år. Noverande leiar er Charlott Nordström frå Oslo. Ho tok over som leiar etter Knut Johannes Sverre (Asker) som sat i perioden 2010- 2012.

Organisasjonen såg dagens lys 10. oktober 2002 i Bergen, då landsmøtet til Norges Røde Kors, vedtok å opprette ein eigen ungdomsorganisasjon med 285 mot 68 røyster. Denne erstatta den tidlegare ungdomsorganisasjonen, Ungdommens Røde Kors (URK), og blei ei eiga eining for ungdom mellom 13 og 30. Lars Nehru Sand blei valt inn som leiar, og sat ut perioden til 2005. Camilla Helgesen (Nordland) sat som leiar i perioden 2008-2010, medan Aleksander Vallestad (Hordaland) sat i perioden 2005-2008.

Røde Kors Ungdom sin føremålsparagraf er:

"Røde Kors Ungdom arbeider for å nedkjempe urettferd og fremje forståing og toleranse. Vi seier tydeleg ifrå når respekten for menneskeverd vert krenkt. Vårt engasjement og våre handlingar skal gjere verda til ein betre stad!"

Organisasjonen er oppbygd med Landsrådet for Røde Kors Ungdom på toppen (tidl. ungdomsrådet) som har det øvste ansvaret for organisasjonen. Det er ved sentral ungdomskonferanse, juni 2008, vedteke ny struktur for oppbygging av landsrådet, dvs èin leiar, to nestleiarar- èin organisatorisk- og èin politisk, samt 2 medlemmar for 2 år, to medlemmar for eitt år og to varamedlem for kvar seg eitt og to år.

Totalt består ungdomsrådet av ni personar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]