Røssvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Røssvatnet
(Reevhtse)
innsjø
none  Røssvatnet sett frå Hattfjelldal mot Lukttinden og Dårtinden  Foto: Erlend Bjørtvedt
Røssvatnet sett frå Hattfjelldal mot Lukttinden og Dårtinden

Foto: Erlend Bjørtvedt

Område Hattfjelldal, Hemnes (Nordland)
Høgd over havet 383 m (374 m før reg.) moh
Volum 14 80 km³ (12 60 km³ før reg,) km³
Areal 218 61 km² (om lag 190 km² før reg,) km²
Kystlengd1 256 37 km km
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Røssvatnet (samisk Reevhtse) er med eit areal på 219 km² den nest største innsjøen i Noreg. Innsjøen har det sørsamiske namnet Reevhtse.

Røssvatnet ligg i kommunane Hattfjelldal og Hemnes i Nordland fylke, 383 meter over havet. Røssvatnet renn ut i Ranfjorden ved Korgen gjennom Røssåga. Vatnet vart regulert i 1957. Ved reguleringa vart vatnet demt opp 9 meter, og arealet auka slik at Røssvatnet passerte Femunden på lista over dei største innsjøane i Noreg.

Ved Røssvatnet er det funne spor av busetjing heilt attende til steinalderen. Gardane langs Røssvatnet vart i hovudsak rydda utover 17- og 1800-talet. Mange av dei mista mykje dyrka jord ved reguleringa på 1950-talet.

Flyfoto av den nordlege delen av Røssvatnet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]