RPG-rollespel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det er føreslått at denne sida blir fletta med rollespel. (Sjå eventuelt (Diskusjon))

Rollespel eller RPG (role-playing games) er spel der ein vel ei rolla, og spelar den, medan ein prøver å gjennomføra ulike oppgåver som er fastsette av andre.

Munnleg rollespel[endre | endre wikiteksten]

Denne forma for rollespel kallar ein gjerne penn & papir, bordrollespel eller verbalrollespel. I staden for å fysisk spela rollefiguren sine handlingar, skildrar ein dei munnleg for einannan. Å spela slik krev ein gamemaster (GM) eller ein spelleiar som forklarar spelarane korleis verda ser ut og kva som skjer rundt dei. Utfallet av handlingar vert avgjorte ved at ein trillar terningar.

Munnlege rollespel voks ut frå miniatyrspel på midten av 1970-talet, særleg i miljøet rundt Universitetet i Minnesota der Dave Arneson og Dave Wesley vanka. Gary Gygax jobba på den tida med eit spel som vart kalla Chainmail. Dungeons & Dragons (D&D) er likevel rekna som det første moderne rollespelet. Gary Gygax og Dave Arneson laga det i 1973 med eit ynske om å leva ut det dei hadde lese i bøker som Ringdrotten av J.R.R. Tolkien. Spelet er i dag i si tredje utgåva. Mange seinare rollespel er bygde på eller inspirert av Dungeons & Dragons, og det er framleis det mest populære rollespelet i verda.

Nokre av dei mest kjende rollespela er, forutan D&D, Call Of Cthulhu, Draug, Werewolf The Forsaken, Vampire the Requiem, Middle Earth Role Playing game, D20 Modern og Fabula.

Levande rollespel (laiv)[endre | endre wikiteksten]

Ordet «laiv» er ei fornorsking av engelsk «live» i «live action roleplaying». I eit laiv-rollespel spelar spelarane rolla fysisk og brukar kostyme og rekvisittar mykje på same måten som i tradisjonelt teater. Rollebakgrunn, forhistorie og situasjon er planlagt og skrive ned på førehand av arrangørar eller spelarane sjølve, men replikkar og handlingar vert improviserte så lenge spelet varer. Kor lenge ein skal spela er oftast planlagt på forhånd, og kan vera frå eit par timar til fleire dagar.

Til dømes kan tjue personar setja seg føre å spela i vikingtida. Dei kler seg då ut i historiske kostyme og rekvisittar, tek med seg mat og utstyr som passar inn i denne tida og finn ein stad der dei kan vera uforstyrra i den perioden rollespelet varer.

Etter spelet er det vanleg å ha ein gjennomgang eller «debrief» for å fordøye inntrykk. Ofte vert det også halde ein fest kalla afterlaiv.

Kritikarar hevdar at laiv-rollespel kan føra til at ein får problem med å skilja mellom rolla og sin eigen person seinare, og at dette kan vera ei sterk kjenslemessig påkjenning.

Databasert rollespel (RPG)[endre | endre wikiteksten]

For utdjupande artikkel, sjå Datarollespel

Rollespel som dataspel har ofte hatt lite til felles med vanleg rollespel. Ofte er det snakk om spel i førstepersonsvinkel, der verda ein spelar i ofte er henta frå typiske rollespelomgjevnader. Reglar for kamp og andre terningbaserte interaksjonar har ofte vorte henta frå rollespelbøker, medan sjølve rollespelinga, utviklinga av ein rollefigur, ikkje har vore tilstades i dette mediet.

Dette har endra seg med bruk av speling på nettet. Ved at ein får høve til å treffa andre karakterar som er styrte av andre spelarar, er det blitt mogleg å drive mykje meir rolleutvikling enn tidlegare. Såkalla «multi-user dungeons» (MUDs) var mellom dei første på dette området. Desse var tekstbaserte, men gjorde det mogleg å kommunisera med andre spelarar og spela ut ei rolla. Spel av nyare dato, som Anarchy Online og World of Warcraft, er grafikkbaserte MMORPG-ar, og opnar for at stadig fleire spelarar over heile verda sluttar seg til denne aktiviteten.