Hopp til innhald

RS «Kaptein Buhre»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 108 «Kaptein Buhre»
Verft:  Båtservice Industries AS, Mandal
Konstruktør:  Amble & Stokke AS og NSSR
Byggjeår:  1991
Byggjepris:  14,3 millionar kroner
Oppkalla etter:  Isak Martinius Skaugen/ Anna og Odd Buhre
Finansiering:  Skipsreiarane Morits og Brynjulf Skaugen. Oppgradering: Anna og Odd Bures Legat
Eigenskapar
Materiale: Skrog: aluminium Overbygg: sandwich
Lengde:  21,00 meter
Breidde:  5,70 meter
Djupgåande:  1,25 meter
Bunkerkapasitet:  8 m³
Motor:  2*1054 hk Mitsubishi
Ny motor:  Mitsubishi Diesel 2 x S12A2 MPTA, tot. 1550 kW
Fart:  25 knop
Mannskap:  3
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk

RS 108 «Kaptein Buhre» er ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1991. Fram til 2021 var namnet «Kaptein Skaugen». Ho var ei gåve frå reiarlaget I.M. Skaugen i høve reiarlaget sit 75-års jubileum, og Redningsselskapet sitt 100-års jubileum. Byggesummen var 14, 3 millionar kroner.

I 2021 gjennomgjekk fartøyet ei oppussing og oppgradering. Dette arbeidet vart kosta av Anna og Odd Bures Legat, «til beste for trengende sjøfolk». Og skøyta fekk det nye namne: «Kaptein Buhre».[1]

Konstruksjonen av fartøyet stod Tor Stokke i Amble & Stokke AS i Kristiansand for. Ho vart bygd hjå Båtservice Industries AS, Mandal.

Namnet fekk «Kaptein Skaugen» etter Isak Martinius Skaugen, seglskutekaptein og skipar av selskapet som gav redningsskøyta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
  • nssr.no[daud lenkje]