RS «Ulabrand III»
RS 115 «Ulabrand III» | ||
«Ulabrand III» i Hammerfest | ||
Klasse: | von Koss-klassen | |
Verft: | Kværner Mandal AS, Mandal | |
Konstruktør: | NSSR og Kværner Mandal. Linjeteikningar Tor Stokke | |
Byggjeår: | 1997 | |
Byggjepris: | 25 286 700 kroner | |
Oppkalla etter: | Losen Anders Jacob Johansøn (1815-81) frå Ula. Han vart kalla Ulabrand. Som RS 60. | |
Finansiering: | NSSR | |
Eigenskapar | ||
Materiale: | FRP sandwich | |
Lengde: | 25,25 meter | |
Breidde: | 6,20 meter | |
Djupgåande: | 1,45 meter | |
Bunkerkapasitet: | 22 m³ | |
Motor år: | 1997 | |
Motor: | 4 * 760 hk | |
Fart: | 24,9 knop | |
Rekkevidde: | 1000 nautiske mil | |
Mannskap: | 4 | |
Navigasjon og kommunikasjon | ||
Statistikk | ||
Sett inn i teneste: | 1998 | |
RS 115 «Ulabrand III» er ei norsk redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1998. Ho vart bygd ved Kværner Mandal. «Ulabrand III» har både skrog og overbygg i FRP sandwich. Byggesummen var på kr 25 286 700. «Ulabrand III» er ei av tre skøyter i von Koss-klassen Dei to første som vart bygde, RS 110 «Reidar von Koss» og RS 111 «Peter Henry von Koss», hadde skrog av aluminium.
Med ei lengd på 25,25 meter var «Ulabrand III» eit av dei største fartøya i Redningsselskapet sin flåte. I hekken er plassert ei 5 meter lang redningsbåt som han setjast ut under fart. Dei fire hovudmotorane, kvar på 925 hk, gjev «Ulabrand III» ei fart på 25 knop.
«Ulabrand III» vart finansiert av Redningsselskapet. Liksom RS 60 «Ulabrand II», fekk ho namn etter losen Anders Jacob Johansøn (1815-81) frå Ula. Han vart kalla Ulabrand.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002