Raúl Alfonsín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raúl Alfonsín
Alfonsin 1983.jpg
Raúl Alfonsín i 1983
Fødd 12. mars 1927
Chascomús
Død

31. mars 2009
Buenos Aires

Yrke advokat, politikar
Verv Argentinsk president
Periode 1983–1989
Føregangar Reynaldo Bignone
Etterfylgjar Carlos Menem
Raúl Alfonsín på Commons

Raúl Ricardo Alfonsín (12. mars 192731. mars 2009) var ein argentinsk advokat, politikar og statsmann som var president i Argentina frå 10. desember 1983 til 8. juli 1989.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Alfonsín var fødd i Chascomús i Buenos Aires-provinsen. Han studerte jus ved Nasjonal-universitetet i La Plata og vart ferdig utdanna advokat ved Universitetet i Buenos Aires. Ved den tid melde han seg inn i det sosial-liberale sentrumspartiet (UCR). Då partiet vart splitta fylgde han fraksjonen leidd av Ricardo Balbín.

År 1958 vart Alfonsín vald inn i provins-forsamlinga i Buenos Aires-provinsen. Frå 1963, til statskuppet sommaren 1966, var han medlem av det argentinske parlamentet. Paramentsmedlem på ny 1973-76. Under Skitne-krigen, 1974-83, tok han avstand både frå juntastyret og dei som dreiv væpna kamp mot juntaen. Fleire gongar kom han då som parlamentsmedlem med framlegg om rettferd for ofra for hemmeleg fengsling. I tillegg fordømde han ugjerningar til militærdiktatur i andre land, og tok avstand frå begge dei stridande partane i Falklandskrigen.

President[endre | endre wikiteksten]

Etter Balbín døydde i 1981, tok Alfonsín over leiarvervet i UCR. Ved presidentvalet i 1983 vann han 336 av dei 583 valmannsrøystene. Som president gjorde han framlegg i parlamentet om å oppheve den sjølvamnestilova militærstyret hadde vedteke i junta-tida. Etter lovvedtak i parlamentet, sette han ned ein nasjonal kommisjon som skulle undersøke praksisen med hemmeleg fengsling, og etterforske lovbrot som militære måtte ha gjort seg skuldig i. Kommisjons-funna førte til junta-rettsaka og straff av leiarar for det tidlegare regimet. Etter det såkalla Carapintadas-mytteriet i det militære i 1986, søkte Alfonsín å roe dei militære gjennom to lover som i praksis avslutta prosessane mot juntafolk.

Alfonsín på talarstiolen i 1988

I 1984 løyste Alfonsín den nær hundreårige såkalla Beagle-konflikten, grensedraginga mellom Argentina og Chile i sør. Handelen med grannelandet Brasil auka i hans presidenttid, og den fyrste skilsmisselova i Argentina vart vedteken. Gjennom presidentperioden låg han jamnt i konflikt med fagforeiningane, som var kontrollerte av det leiande opposisjonspartiet, Justispartiet. Planar og tiltak som var meint å skulle betre den nasjonale økonomien, slo feil. I staden forverra dei den allereie høge inflasjonen, noko som resulterte i bråk og oppstyr mellom folk.

Etter presidentåra[endre | endre wikiteksten]

Alfonsín stilte ikkje til attval i 1989, og presidentkandidaten til UCR tapte valet. Sjølv heldt han fram som leiar av UCR til 1991, noko han også var i toårsbolkane 1993-95 og 1999-2001. I 1993 tok han initiativet til Olivos-avtalen med dåverande president Carlos Menem, ein avtale som som la grunnen til at delar av den argentinske grunnlova vart endra i 1994. Partifellen Fernando de la Rúa i UCR var mot Olivos-avtalen og var partileiar og frå 1999 president i Argentina. Han trekte seg frå posisjonen allereie i desember 2001, då folk var i opprør. Ein parlamentsfraksjon i UCR, med Alfonsín i spissen, valde då å støtte utpeikinga av peronisten Eduardo Duhalde til ny argentinsk president.

Alfonsín døydde av lungekreft i 2009, og fekk ei stor statsgravferd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]