Rabagast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rabagast er eit norsk omgrep for ein villstyring som kan vera frekk, freidig, fandenivoldsk og ubekymra.[1]

Ordet stammar opphavleg frå det franske skodespelet Rabagas av Victorien Sardou frå 1872.[1] Denne komedien tek for seg advokaten Rabagas som opphavleg er svært radikal, men endrar seg til å bli djupt konservativ etter at han får makt.[2][3] På norsk er ordet blitt omdanna frå «rabagas» til «rabagast», truleg i samspel med ordet gast.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «rabagast» i Nynorskordboka.
  2. «rabagast». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 10. februar 2020. 
  3. «rabagas — Meyers Fremmedordbog», meyersfremmedordbog.dk, henta 26. september 2020 
  4. «Rabagast» i Det Norske Akademis ordbok
  5. «Rabagast» i Norsk Ordbok