Radama II av Madagaskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Radama II av Madagaskar
Radama II with crown.jpg
Fødd 23. september 1829
Antananarivo
Død

12. mai 1863
Rova i Antananarivo

Yrke monark
Tittel Konge av Madagaskar
Periode 16. august 1861-12. mai 1863
Føregangar Ranavalona I
Etterfylgjar Rasoherina
Radama II av Madagaskar på Commons

Radama II av Madagaskar (23. september 182912. mai 1863) var konge av Madagaskar frå 16. august 1861 til han blei drepen i 1863.

Radama II var fødd i AntananarivoMadagaskar. Før han blei krona til konge heitte han prins Rakoto. Føregjengaren hans på trona var mor hans, Ranavalona I. Faren hans var offisielt Radama I, men denne hadde døydd meir enn ni månader før han blei fødd. Den verkelege faren hans var truleg Andrianmihaja, ein offiser som var elskar til mora.

Ranavalona I hadde prøvd å halda utanlandsk påverking og kristendommen frå øya. I 1857 hadde Radama (då prins Rakoto) vore innblanda i eit mislykka kuppforsøk mot mor si. Då han blei konge opna Radama II opp landet igjen og slutta vennskapsavtalar med Frankrike og Storbritannia. Han avslutta forfølginga av kristne, og kristne misjonærar kom tilbake til landet.

Reformene til Radamas hadde fleire motstandarar, mellom dei statsministeren Rainivoninahitriniony. Særleg vekte avgjerda hans om å tillata duellar motstand. Om morgonen 12. mai 1863 tvinga ei gruppe soldatar og offiserar seg inn i kongeslottet og greip kongen.[1] Kona hans, dronning Rabodo, bad for livet hans og prøvde å stoppa dei, men blei fjerna frå staden. Soldatane kasta eit lamba-klede over hovudet til Radama og kvelte han med eit silkeband til dei var trygge på at han var daud. Slik kunne dei drepa han utan å spilla kongeleg blod, som var vanleg for kongelege avrettingar.[2]

Kongen blei etterfølgd på trona av enka si, som hadde tronnamnet Rasoherina. Ho inngjekk eit politisk ekteskap med Rainivoninahitriniony og seinare med broren hans, Rainilaiarivony. Han igjen blei seinare gift med etterfølgjaren hennar, ei anna enkje etter Radama, og var den verkelege makthavaran på Madagaskar etter Radama II.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Buyers, Christopher. «The Merina (or Hova) Dynasty». Arkivert frå originalen February 4, 2011. Henta February 3, 2011. 
  2. Oliver 1886.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]