Raftsundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°20′49″N 14°59′53″E

Trollfjorden i Raftsundet

Raftsundet er eit sund i Hadsel og Vågan kommune i Nordland, mellom Hinnøya og Austvågøya.

Sundet er 25 km langt og svært smalt i den nordre delen. I aust er det fjell opptil ca. 700 moh, i vest ei rekkje toppar over 1000 moh. Sundet blir sommarstid besøkt av mange turistskip, derav hurtigruta som går gjennom sundet. Særleg kjent er den vesle og mørke Trollfjorden, som mot vest skjer inn i Austvågøy. Det er bru på E10 over Raftsundet i nord, med eit lengste spenn på 298 meter. Langs austsida av sundet er det fylkesveg.

Fyrste ledd i namnet kjem av norrønt raptr, stokk.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]