Trollfjorden i Hadsel
Utsjånad
68°21′45″N 14°56′09″E / 68.36250°N 14.93583°E
| Trollfjorden | |||
| fjord | |||
Trollfjorden med Trollfjordtindan bak. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Nordland | ||
| Kommune | Hadsel | ||
![]() Trollfjorden i Hadsel 68°21′51″N 14°58′39″E / 68.36416667°N 14.9775°E | |||
| Wikimedia Commons: Trollfjorden | |||

Trollfjorden er ein fjord i Raftsundet på Austvågøy i Hadsel kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2,5 km vestover. Han er berre om lag 70 meter brei ved innløpet, men vidar seg ut i botnen.
Fjorden er ein kjend turiststad i Vesterålen og vert vitja dagleg av den sørgåande Hurtigruta. Hurtigruteskipet MS «Trollfjord» er kalla opp etter fjorden. Det vert òg arrangert turar til fjorden frå fleire stader i Vesterålen og Lofoten
Trollfjorden er òg kjend for Trollfjordslaget som står sentralt i nordnorsk fiskerihistorie. Slaget er skildra i boka Den siste viking av Johan Bojer og måla av Gunnar Berg
