Ragnvald Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ragnvald Mikal Andersen (26. mars 189928. februar 1995) var ein norsk arbeidsmann, stortingsrepresentant 1958-61 frå Bergen og for Arbeidarpartiet.

Far til Andersen arbeidde på eit skipsverft. Sjølv gjekk han teknisk kveldsskule i åra frå 1914 til -17 og arbeidde sidan over 50 år som skipsmekanikar. Han var 1920-69 tilsett ved A/S Mjølner i heimbyen.

I 1930-åra vart Andersen vald til fleire framståande verv i fagrørsla. Han var såleis formann 1938-45 i bedriftsklubben ved A/S Mjølner av Norsk Jern og Metall, og 1941-58 i avdeling 17 av Norsk Jern og Metall. År 1939 gjekk han også LO-skulen i Sørmarka ved Oslo. I tida 1949-65 var han medlem i representantskapet til LO. Andersen var òg formann 1939-40 i Årstad Idrettslag. Under 2. verdskrigen deltok han i motstandskampen og vart i 1945 tildelt Heimefrontens diplom og nål.

Dei åtte åra 1952-59 var Andersen medlem i Bergen bystyre. Valperioden 1958-61 representerte han Arbeidarpartiet på Stortinget, etter å ha vore vararepresentant den forrige fireårsperioden. 1961-65 var han på ny vararepresentant til Tinget.

I tida etter han pensjonerte seg frå mekanikaryrket, var Andersen engasjerte i pensjonistsaker. Mellom anna var han frå 1971 formann Hordaland fylkesforening av Norsk Pensjonistforbund og samstundes medlem i landsstyret i Norsk Pensjonistforbund til 1983, dei siste fem åra med plass i forbundsstyret til pensjonistforbundet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]