Raimo Valle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raimo Valle
none
Fødd 15. september 1965

Raimo Valle (fødd 15. september 1965) er ein samisk norsk politikar (Ap) frå Nesseby, busett i Tromsø.

Valle har ein cand. mag.-grad, med finsk grunnfag, samfunnsplanlegging og lokalsamfunnsforsking semesteremne, og offentleg politikk og administrasjon storfag frå Universitetet i Tromsø. Etter endt utdanning arbeidde Valle med samepolitiske saker i Troms fylkeskommune.

Han har organisasjonserfaring frå fagforeininga Samfunnsviterne og frå Tromsø sameforening.

I 2007 blei Valle utnemnd som statssekretær (Regjeringa Stoltenberg II) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Han sat til 2012.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]