Raise Your Fist and Yell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raise Your Fist and Yell
Studioalbum av Alice Cooper
Språk engelsk
Utgjeve 5. september 1987
Innspelt 1987
Sjanger Heavy metal
Lengd 36:53
Selskap MCA
Produsent Michael Wagner
Kritikk
Alice Cooper-kronologi 
Constrictor
(1986)
Raise Your Fist and Yell Trash
(1989)


Raise Your Fist and Yell er det 17. studioalbumet til Alice Cooper, gjevne ut 5. september 1987. Det inneheld songen «Prince of Darkness», som det vart nytta eit kort klipp av i John Carpenter-filmen med same namn, der Cooper spelar ein omvandrande mordar. Ein kan høyre songen på Walkman'en til ein av offera. Det vart laga ein musikkvideo for songen «Freedom» som vart ein hitsingel frå albumet.

Albumet heldt fram slaktarfilm-trenden frå det førre albumet til Cooper, Constrictor. På «Lock Me Up» er Robert Englund, som spelte Freddy Krueger i A Nightmare On Elm Street-serien, gjesteartist.

Albumet ser ut til å følgje ei historie om ein seriemordar som er er besett av skrekkfilmar.

Turneen etter albumet, kalla «Live in the Flesh», var berykta i Europa for den biletlege valden og dei teatralske effektane. Showet omfatta mange av dei gamle favorittane til Cooper, som galgen, men òg nye effektar som å spidde ein person med ein sykkel. Mange av effektane var kraftig inspirerte av skrekkfilmane frå denne tida med mykje sceneblod.

Showet vart rekna som så valdeleg at dei tyske styresmaktene Cooper til å fjerne dei valdelegaste effektane frå showet. David Blunkett i det britiske parlamentet prøvde å få heile showet bannlyst i landet, men klarte det ikkje.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Alice Cooper og Kane Roberts, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Freedom» 4:09
2.«Lock Me Up» 3:24
3.«Give the Radio Back» 3:34
4.«Step on You» 3:39
5.«Not That Kind of Love» 3:15
6.«Prince of Darkness» 5:10
7.«Time to Kill» 3:39
8.«Chop, Chop, Chop» 3:06
9.«Gail»Cooper, Roberts, Kip Winger2:30
10.«Roses on White Lace» 4:27

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1987 The Billboard 200 73
1987 Storbritannia 48
1987 Sverige 15

Kjelder[endre | endre wikiteksten]