Ramona Neubert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ramona Neubert
Fødd 26. juli 1958
Pirna

Ramona Neubert, fødd Göhler, (fødd 26. juli 1958) er ein tysk tidlegare mangekjempar frå Pirna i Sachsen som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart europameister 1982 og verdsmeister 1983 i sjukamp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Neubert høyrde til verdseliten i mangekamp frå ho var 20 år gammal. I sesongane frå 1981 til 1983 var ho verdseinaren i sjukamp. Ho sette to verdsrekordar i 1981, fyrst i eit uttaksstemne i Halle 24. mai med 6 670 poeng, og der etter i ein landskamp 29. juli i Kiev med 6 788 poeng. Den 20. juni 1982 forbetra ho rekorden til 6 845 poeng, før ho i september same året vart europameister i øvinga i Aten. 19. juni 1983 sette ho sin fjerde rake verdsrekord då ho oppnådde 6 935 poeng i eit stemne i Moskva. Vel to månader seinare vann ho i Helsinki gullmedaljen i sjukampen under den aller verdsmeisterskapen i friidrett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1978 i Praha: Nr 7 i femkamp – 4 380 poeng
  • OL 1980 i Moskva: Nr 4 i femkamp – 4 698 poeng
  • EM 1982 i Aten: Gullmedalje i sjukamp – 6 664 poeng, framom Sabine Möbius (6 594)
  • VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje i sjukamp – 6 714 poeng, framom Sabine Möbius (6 662)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]