Ramvatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ramvatn
innsjø
Område Valle (Aust-Agder)
Høgd over havet 776 moh moh
Areal 0 32 km² km²

Ramvatn er eit vann som ligg i Valle kommune i Aust-Agder. Vatnet ligg i fjelltraktene mellom Setesdal og Fyresdal som òg vert kalla Setesdal Østhei. Ramvatn ligg rett nord for Straumsfjorden. Nord i vatnet finn vi innløpet Ramvassåne som kjem frå Lisle Ramvatn. I sørenden finn vi utløpet som går vidare ned i Fossevann. I lia aust for Ramvatn er Straumsgruvene lokalisert. Vatnet ligg 776 meter over havet og har eit areal på 32,3 hektar.

Eigedomsfordelinga i dette området har eit særpreg. Fordelinga har teke utgangspunkt i landområde og fiskevatn som to sentrale faktorar. Derfor er det ofte nokon som eig fiskevatna, medan det kan vere andre som eig strandsona rundt vatnet. Vatnet er det Torleiv Nordgarden som eig. Strandsona på austsida eig Arne Berg og Olav K. Hovet eig strandsona i vest.

Per i dag er fiskbestanden for stor, slik at fiskekvaliteten er forholdsvis dårleg. Årsaka til dette er ukjend, men mange meiner kalkingsprosjekta har skulda. I dei fire siste åra har VAFA drive med kultiveringstiltak i Ramvatn.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Aust-Agder å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.