Randabygda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Randabygda
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stryn
Postnummer 6796 HOPLAND
Preposisjon I Randabygda

Randabygda er ei bygd i midtre Nordfjord på nordsida av Nordfjorden. Bygda er ein del av Stryn kommune. Innbyggjartalet er kring 180 (2007). Randabygda er tradisjonelt ei jordbruksbygd, men jordbruket har i seinare tid gått attende her som i bygdene elles på Vestlandet. Inntil midten av 1960-åra hadde ikkje bygda bilvegsamband med grannebygdene. No er det bra veg både austover til Stryn og vestover til Nordfjordeid. Postkontoret er nedlagt, men bygda har butikk og grendahus/skule, og Randabygd kyrkje ligg her.