Randabygd kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Randabygd kyrkje | |
kyrkje | |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
---|---|
Bispedøme | Bjørgvin |
Prosti | Nordfjord |
Sokn | Randabygd |
Fellesråd | Stryn |
Stad | Foto: kirkenorge.no |
Type | Langkyrkje |
Arkitekt | Jens Sølvberg[1] |
Material | Tre |
Innvigd | 29. august 1916[1] |
Kyrkjegard | ved kyrkja |
Sitjeplassar | 240 [1] |
Wikimedia Commons: Randabygd kirke | |
Randabygd kyrkje, tidlegare Randabygd kapell, står i Hopland i Stryn kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1916.[1]
Arkitekt for bygget, som har sitjeplassar til 240 personar, var Jens Sølvberg frå Bryggja.[1]
Fram til dei fekk kyrkja i Randabygda sokna folk i området til Utvik kyrkje og Vereide kyrkje på sørsida av Nordfjorden. Bygda fekk hjelpegravplass i 1910.[1] Kyrkja hadde status som kapell frå ho var ny til 1981.[1] Frå starten til 1967 var området kapellsokn i Utvik sokn i Innvik prestegjeld. I 1967 vart Randabygd kapellsokn overførd til Hornindal sokn i Hornindal prestegjeld, og i 1981 vart Randabygd utskild som eige sokn frå Hornindal sokn. [1]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Om Randabygd sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- «Kyrkjer i Stryn» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Stryn kommune på nettstaden disnorge.no
- Vis Randabygd kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren