Randomisert kontrollstudie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Randomisert kontrollstudie eller randomisert kontrollert studie er ein vitskapleg metode for å finna effekten av eit særskild tiltak.[1] Forkortinga RCT, frå engelsk randomized controlled trial, blir også noko brukt.[2] Metoden blir mykje brukt i kliniske studiar innan medisin og innan andre fagdisiplinar som psykologi, pedagogikk, kriminologi, internasjonal utvikling og transport. Metoden er rekna som ein gullstandard for å finna ut slik effekt.[1]

I ein randomisert kontrollert studie delar ein deltakarane inn i minst to tilfeldig utvalde grupper der den eine får tiltaket og den andre, kontrollgruppa. ikkje får det. Ved å samanlikna verknaden hjå dei ulike gruppene statistisk kan ein finna ut om dette tiltaket har effekt.[3] Ein kan ha fleire tiltaks-grupper og fleire kontrollgrupper.

Ofte blir studien gjennomført som ein blindtest der deltakarane ikkje veit om dei tek imot tiltaket ein testar eller ikkje; der det er mogleg vil heller ikkje behandlarane vita det, og ein talar då om ein dobbel blindtest. Dersom ein testar verknaden av eit medikament kan ein til dømes gje liknande piller der den eine typen inneheld medikamentet og den andre berre er ein placebo. Dette gjer ein for å hindra bias så godt som råd, til dømes ved at deltakarane har meir tru på det eksperimentelle tiltaket enn kontrolltiltaket, eller at utøvarane av eksperimentet gjev dei ulike gruppene ulik merksemd.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Svartdal, Frode: randomisert kontrollstudie (7. juni 2018) i Store norske leksikon.
  2. Steen, Knut (26. juni 2017). «Sterile eller rene hansker ved småkirurgi i allmennpraksis». Tidsskrift for Den norske legeforening (på norsk). ISSN 0029-2001. doi:10.4045/tidsskr.16.0599. 
  3. «Glossary», NICE, henta 5. august 2020 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.