Ranveig Frøiland
| Ranveig Frøiland | |||
| Fødd | 15. september 1945 Sund | ||
|---|---|---|---|
| Død | 16. mars 2020 (74 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Ranveig Hjørdis Frøiland (15. september 1945–16. mars 2020) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet frå Sund i Hordaland. Frå desember 1996 til regjeringa gjekk av i oktober 1997 var ho olje- og energiminister i Regjeringa Jagland. Ho var stortingsrepresentant for Hordaland fylke i tidsrommet 1985 til 2005.
Frøiland arbeidde som kontorist i eit par tiår før ho i 1985 vart ho vald inn på Stortinget hausten 1985. Ho var elles varaordførar i Fjell kommune 1983-85. I sin fyrste periode på Stortinget var ho medlem av sjøfarts- og fiskerikomiteen, deretter var ho medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen i vel eitt år, 1989-90. Frå november 1990 var ho med i energi- og industrikomiteen, som nestleiar frå 1993 til 18. desember 1996. Frøiland vart då utnemnd til ståtsråd og sjef for Olje- og energidepartementet. Frå hausten 1997 til mars 2000 var ho medlem av finanskomiteen, deretter leia ho kyrkje-, forsknings- og utdanningskomiteen til nytt storting vart vald i 2001. Ho hamna så på ny i finanskomiteen i sin siste peroiode opå Stortinget.
Frøiland var ein av riksrevisorane i perioden 2006-09. Ho har også vore styreleiar i Helse Bergen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1945
- Døde i 2020
- Norske olje- og energiministrar
- Statsrådar i Regjeringa Jagland
- Ap-statsrådar
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Folk frå Sund