Hopp til innhald

Energidepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Energidepartementet

Offisielt namnOlje- og energidepartementet, Energidepartementet
TypeNorske departement
VirkefeltNoreg
Skipa1. januar 1997[1]
Org.nummer977161630
StatsrådTerje Aasland (Ap)
HovudkontorAkersgata 59, Oslo
UndergrupperRegjeringa i Noreg
Tilsette156 (2013)
JurisdiksjonNoreg
Nettsidehttps://www.regjeringen.no/no/dep/ed/id750/

Energidepartementet (ED), tidlegare Olje- og energidepartementet, er eit norsk departement som har som hovudoppgåve å legge rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvennleg forvalting av energiressursane.

Terje Aasland frå Arbeidarpartiet har vore statsråd for departementet sidan 7. mars 2022.

Olje- og energidepartementet (OED) blei oppretta 1. januar 1997 med utgangspunkt i delen av det tidlegare Nærings- og energidepartementet som arbeidde med olje- og energispørsmål.[2] Energidepartementet fekk det noverande namnet sitt 1. januar 2024.[3]

Energisektoren hadde også sitt eige departement i perioden mellom 1978 og 1992. Olje- og energidepartementet vart 11. januar 1978 skild ut frå Departementet for industri og handverk, som samstundes endra namn til Industridepartementet.

Underliggjande etatar

[endre | endre wikiteksten]

Tilknytte verksemder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Tidlegare statsråder»; kortnamn på forfattar: Olje-og energidepartementet; språk på verk eller namn: bokmål; utgjevingstidspunkt: 10. oktober 2024; vitjingsdato: 13. oktober 2025.
  2. Historikk om Olje- og energidepartementet
  3. «Olje- og energidepartementet bytter navn til Energidepartementet». e24.no (på norsk bokmål). 16. oktober 2023. Henta 21. oktober 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]