Rasmus J. Mork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rasmus J. Mork
Fødd 19. januar 1896
Ørsta
Død

23. mai 1974

Yrke samfunnsøkonom, professor

Rasmus Johannes Mork (19. januar 189623. mai 1974) var ein norsk meieripioner frå Ørsta.

Far hans, Rasmus P. Mork, dreiv eige meieri i Ørstavik frå 1890-åra til han litt før 1910 vart meieristyrar i Ålesund. Også sonen Rasmus J. Mork tok til i meierinæringa og vart utdanna meierikandidat frå Noregs Landbrukshøgskule i 1917. Året etter tok han til som kontorsjef i Statens rasjoneringsdirektorat. Mork tok i 1920 cand.oecon.-eksamen og arbeidde frå 1921 til 1966 som dosent og seinare professor i meieridriftslære ved landbrukshøgskulen på Ås, rektor ved høgskulen 1946-53. Gjennom åra skreiv han ei rekke avhandlingar om meieridrift.

Den 15. april 1940 vart Mork av Høgsterett utpeika til medlem av Administrasjonsrådet, der han hadde ansvar for saker under Landbruksdepartementet. Frå 1945 til 1962 var han med i Statens ernæringsråd, formann siste åtte åra. Perioden 1950-56 var Mork president i 'Federation internationale laiterie'.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Melkens avregning. 1923
  • Meieribruket i Møre inntil 1930. Ålesund 1939.
  • Melkeomsetning og meieridrift i Norge 1930-40. 1941
  • Produktutbyttet ved melkens foredling i meierier. 1944
  • Også engelskspråklege skrifter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]