Meieri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ostemaking med moderne hygienetiltak ved Chaseholm Farm Creamery.

Meieri er eit anlegg som foredlar mjølk frå mjølkekyr, og i nokre tilfelle òg frå geit, hest og andre pattedyr, til konsummjølk, ost og andre mjølkeprodukt. Meieria kan utføra prosessar som pasteurisering, homogenisering og tapping av mjøl, og kan produsera ei rekkje ulike typar mjølkeprodukt, som fløyte, smør, surmjølks- og osteprodukt.[1]

Ordet «meieri» kjem frå mellomnedertysk og tyder 'mjølkeproduserande gard'.[1]

Meieriverksemd i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei første meierliknande føretaka i Noreg vart gjerne kalla ysteri. Industrien kom til Noreg via Danmark og Sverige, men må kunne seiast å ha oppstått i Sveits. Dette vert reflektert i både produktnamn og yrkestitlar innan meieriverksemda.

Det første meieriet[endre | endre wikiteksten]

Det første meieriet som vart etablert i Noreg var Rausjødalen Meieri (seinare kalla «Rausjødalen Setermeieri»), som vart skipa av omkring 30 bønder frå Tolga og Os den 26. og 27. august i 1856. Meieriet i Rausjødalen låg eit par mil sør for Tolga sentrum og var berre i drift i sommarhalvåret.[1] Meieriet, som vart drive etter sveitsiske prinsipp og var eit setermeieri, hadde felles beite og fjøs, med plass til 100 mjølkekyr.

Nokre herregards-meieri hadde rettnok eksistert tidlegare, men har ikkje hatt noko tyding for utviklinga av meieribruket i Noreg.

Styraren i Rausjødalen heitte Caspar Hiestand (1816–1885) og var sveisar av yrke og sveitsar av nasjonalitet. Hiestand, som i ei tid òg hadde med seg sønene Jacob og Theodor, slutta på vårparten i 1858.

Størsteparten av produksjonen utgjorde sveitserost. Meieriet var berre i drift frå 1856 til 1857, men fekk stor tyding for den vidare medieverksemda i landet. Selskapet for Norges Vel stod bak prosjektet økonomisk.[2] I 1858 blei det første meieriet med heulårsdrift skipa i Nittedal.[1]

Bymeieria[endre | endre wikiteksten]

Det første bymeieriet i Noreg var Skiens Ysteri i Skien, som vart skipa i 1863. Frå byrjinga i 1870-åra og framover vart det skipa fleire nye bymeieri her, fordi det på den tida var meir fordelaktig med omsyn til transport av mjølk til konsum. At dei nye meieria fekk bolagsendingar i namna (t.d. Ringerikes Meieribolag) skuldast at teknologien til meir moderne meieri kom til Noreg frå Sverige på den tida.

I 1867 blei den første meieriskulen i Noreg skipa av Selskapet for Norges Vel, og overteken av staten i 1888.[1] Framveksten i talet på norske meieri fortsette fram mot hundreårsskiftet. I 1900 var det heile 780 meieri i landet, men etter dette gjekk talet noko ned. Dette kom av sentralisering til byane og betre transportmetodar.

Indre Østfold meieri i Eidsberg kommune.

Meieriverksemd i dagens Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det største norske meieriselskapet er det produsenteide samvirkeselskapet TINE, som har eit fullt sortiment av meieriprodukt. Nokre av dei mest kjende merkevarene er ostane Jarlsberg og Norvegia. Andre store aktørar er Synnøve Finden som kjøper mjølka frå Tine Råvare og hovudsakleg produserer gulost på sitt anlegg på Alvdal og Q-meieriene i Gausdal og på Jæren som har eigne leverandørar og produsert konsummjølk, fløyte og liknande. I tillegg til desse har det dei siste åra blitt starta opp ei rekkje mindre gårdsmeieri som hovudsakleg produserer ostar av forskjellige typar.

Tilsette ved norske meieri kan til dømes ha utdanning i næringsmiddelteknologi frå Høgskolen i Sør-Trøndelag eller ved Institutt for kjemi, bioteknologi og matvitskap ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås i Akershus.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Meieri» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. februar 2015.
  2. Rausjødalen setermeieri, 150-årsjubileum, august 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]