Rau'e Århanen spelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Rau'e århanen spelle» er ei novelle som Ingeborg Refling Hagen skreiv i 1921. Novella er nytta i novellesamlinga Svartsnær, og seinare oppatt i Livsfrisen frå 1949.

Hovudpersonane i boka er ungjentene Ymgjerd og Åshild, ei gardjente og ei husmannsjente. Dei har fått høyre ei rad med soger og segner av legdkjerringa på heimegarden, og mykje om dei mystiske haukakarane, som ingen veit kvar kom frå, men som er glupe spelemenn. Tittelen på novella er eit rop som kjem i det det bryt laus skogbrann, og heile bygda lyt hjelpe til. Haukafolket kjem nedetter til hjelp, etter at brannen er sløkt, og syner ei haldning som er mest avvisande og kynisk. Dei dreg jentene til seg med haldninga si og med spelet sitt. Først reiser Ymgjerd på skogen ei toreverskveld, og ingen finn ho att. Året etter blir Åshild bergteken av haukafela, reiser til skogs, og blir nærast valdteken av Gedron, sonen til gamlehauken.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Novella handlar mykje om driftar og lengt. Ingeborg Refling Hagen freista seinare å klårgjera kva fare dragninga mot haukafolket kunne tyde, og samanstilde brannen med røynsler frå andre verdskrigen. I eit seinare perspektiv kan ein slik lesa inn åtvaringar mot fascismen i denne forteljinga. Samstundes er det og eit folkeminneperspektiv i novella, der haukafolket mest er framstild som underjordiske eller varulvar. Hundemetaforikken heng ved dei novella gjennom, og Ymgjerd tek over dette "bikkjesmilet" før ho vert borte i skogen. Stilistisk kan denne soga minne mykje om tilsvarande forteljingar av Hans E. Kinck.