Raud kjempe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av den raude kjempa Mira. Stjerna er 700 gonger større enne sola og har her ei irregulær form.
Hertzsprung-Russell-diagrammet

Raude kjemper er stjerner som har brent opp hydrogenet i kjernen og har starta med å brenna hydrogen i eit skal utanfor. Som ein konsekvens av dette utvider stjerneatmosfæren seg, og den effektive temperaturen til atmosfæren søkk til mellom 2000 og 4000 K, slik at stjerna no framstår raudaktig.

Raude kjemper har spektralklasse K og M og ligg oppe til høgre i Hertzsprung-Russell-diagrammet. Dei har diametrar ti til 1000 gonger diameteren til sola. Stjernene Arcturus og Aldebaran er døme på raude kjemper.

Raude kjemper er ofte variable stjerner, med saktepulserande overflatelag. Grunna dei store radiusane til raude kjemper, fell tyngdekrafta mykje i dei ytre laga, slik at stjernevind tek med seg mykje materiale og kan danna planetariske tåker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «red giant» s. 336 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Raud kjempe