Hopp til innhald

Raudkattebusk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudkattebusk
Raudkattebusk
Raudkattebusk
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Actinidiaceae
Slekt: Actinidia
Art: Raudkattebusk A. kolomikta
Vitskapleg namn
Actinidia kolomikta

Raudkattebusk (Actinidia kolomikta) er ein art i planteslekta Actinidia. Han veks naturleg i Aust-Asia, frå austlege Russland, Sibir, vestlege Kina, Korea og Japan. Arten blir dyrka som hageplante i fleire land for dei vakre fleirfarga blada sine.[1] Ein kan også eta frukta, som minnar om kiwi.

Planten er ein klatrande busk med opptil 7 meter lange ranker som vanlegvis har berre eller har nokre få hår som unge. Bladskafta er 2-3 cm lange. Blada blir opptil 15 cm lange og 12,5 cm breie (ofte mindre). Dei er eggrunde med hjerteaktig base og ein utdratt spiss i enden. Dei er grøne, men har ofte innslag av kvitt som så blir rosa mot spissane på hannplantar.[2] Blomane er cirka 2 cm vide og sit ein og ein eller opptil tre saman på undersida av blada. Dei har god lukt som kan minna om sitron. Planten gjev også frå seg stoff som tiltrekk kattar.[2]

Kronblada er kvite eller rosa og mjølberarane er gule. Frukta er eit rundt, gulgrønt bær med ein diameter på rundt 2 cm. Ho kan minna om kiwifrukt,[2] og er etande for menneske.[3]

Raudkattebusk føretrekk verna vekstsituasjonar med fuktig men veldrenert jord. Han kan dyrkast både i sol og halvskugge. Han treng støtte til å veksa opp, som eit stativ eller eit tre. Busken kan forventast å vera hardfør til sone 5.[4]

  1. «Actinidia kolomikta | kolomikta/RHS Gardening», www.rhs.org.uk (på engelsk), henta 27. juni 2021 
  2. 2,0 2,1 2,2 Tjøm, Agnete Bjelland (5. juni 2009), «Rødkattebusk», NRK (på norsk bokmål), henta 27. juni 2021 
  3. «Actinidia kolomikta Kiwi PFAF Plant Database», pfaf.org, henta 27. juni 2021 
  4. «Rydlinge Plantskola  » Actinidia kolomikta». www.rydlingeplantskola.se. Henta 15. april 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Raudkattebusk