Raudkløver
Utsjånad
Raudkløver | |
Raudkløver | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Faboideae |
Stamme: | Trifolieae |
Slekt: | Kløver Trifolium |
Art: | Raudkløver T. pratense |
Vitskapleg namn | |
Trifolium pratense |
Raudkløver er ei fleirårig urt i ertefamilien. Han er utbreidd over alle kontinent med temperert eller varmt klima.
Planta vert 20-30 cm høg og har eggforma eller avlange småblad, om lag utagga og med lange mjuke hår. Dei øvre øyreblada er eggforma med kort spiss. Raudkløber har stort rundt blomsterhouvud som oftast er uskafta. Han blømer kring juni i eng og bakkar.
Raudkløver er vanleg over det meste av Noreg, sjeldan lengst nord. Han går opp på setrane, og er funnen opp til 1230 m på Hardangervidda. Han er vanleg dyrka i eng. Arten er rekna som innført i Noreg, med innføring ein gong før 1800.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Rödklöver» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Raudkløver hos Artsdatabanken
- (en) Raudkløver i Encyclopedia of Life
- (en) Raudkløver i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Raudkløver hos Dyntaxa
- (en) Raudkløver hos ITIS
- (en) Raudkløver hos NCBI
- (en) Raudkløver hos The International Plant Names Index
- (en) Raudkløver hos Tropicos
- (en) Kategori:Trifolium pratense – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Trifolium pratense – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Trifolium pratense – detaljert informasjon på Wikispecies