Hopp til innhald

Raudkål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudkål
Raudkål
Raudkål
Systematikk
Rike: Plantar Plantae
Orden: Brassicales
Familie: Brassicaceae
Slekt: Brassica
Art: Raudkål B. oleracea
Vitskapleg namn
Brassica oleracea

Raudkål er ei form for hovudkål der blada er raudlege eller lilla på farge. Eit vitskapleg namn som blir bruka på varieteten er Brassica oleracea capitata rubra.[1]

Tverrsnitt av raudkål

Blada får fargen sin frå antocyanin, som raudkål inneheld meir av enn andre kåltypar. Graden av pigment varierer med pH-verdien i jorda kålet veks i.[2] I sur jord blir blada meir raudlege, i nøytrale blir dei meir lilla, medan i basisk jord blir kålet meir grøn-gult på farge. Safta frå kålet kan brukast som ein heimelaga pH-indikator som blir raud i sure og grøn-gul i basiske løysingar. Bladnervene og stilken til raudkål er kvite på farge.[3]

Kåltypen har ein mild smak. Ein kan eta rå finskore bitar i salat, koka, dampa, steika eller stua det. Kålet kan også fyllast eller syltast. Det passar godt til å laga surkål. [3]

  1. «raudkål» i Nynorskordboka.
  2. «Where does the color come from in purple cabbage?». HowStuffWorks (på engelsk). 7. august 2000. Henta 14. mars 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Rødkål», www.frukt.no (på norsk bokmål), henta 3. april 2019 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]