Raymond Chandler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Raymond Thornton Chandler (23. juli 188826. mars 1959) var ein amerikansk forfattar, best kjend for dei «hardkokte» krimforteljingane om privatdetektiven Philip Marlowe.

Chandler var fødd i Chicago i USA men hadde irsk mor, og han budde med henne i England mellom 1896 til 1912. Her utdanna han seg innan klassiske språk. Under første verdskrigen tenestegjorde han først for den kanadiske hæren og seinare for det britiske luftvåpenet.

Etter krigen gjorde han godt arbeid som oljedirektør i California, fram til den store depresjonen. Han mista jobben i 1932 for alkoholbruk og forsømming, og prøvde seg deretter som forfattar. Han fekk gjeve ut den første novella si i bladet Black Mask. Frå 1943 var han manusforfattar i Hollywood.

Medan Chandler skreiv innan ulike sjangrar er han blitt best kjend for novellene og romanane sine om Philip Marlowe, ein vanskelegstilt, men ærleg privatdetektiv i eit brutalt Los Angeles. Alle romanane Chandler gav ut, var om Marlowe, og bygde gjerne på tidlegare noveller. Dei er blitt rekna som klassikarar innan krimsjangeren, og er blitt knytt til film noir-sjangeren gjennom kjende filmatiseringar.

Raymond Chandler døydde i La Jolla i California.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Philip Marlowe-serien

Norsk tittel: Den lange søvnen
  • Farewell My Lovely (1940)
Norsk tittel: Farvel, min elskede
  • The High Window (1942)
Norsk tittel: Fallet
  • The Lady in the Lake (1943)
Norsk tittel: Kvinnen i sjøen
  • The Little Sister (1949)
Norsk tittel: Lillesøster
  • The Long Goodbye (1953)
Norsk tittel: Det lange farvel
  • Playback (opph. filmmanus; 1958)
  • Poodle Springs (utkast 1959; fullført av Robert B. Parker 1989)

Manus

(ufullstendig)

  • Double Indemnity (1944)
  • The Blue Dahlia (1946)
  • Strangers on a Train (1951), med Czenzi Ormonde

Noveller

  • «Blackmailers Don't Shoot» (1933)
  • «Smart-Aleck Kill» (1934)
  • «Finger Man» (1934)
  • «Killer in the Rain» (1935)
  • «Nevada Gas» (1935)
  • «Spanish Blood» (1935)
  • «Guns at Cyrano's» (1936)
  • «Goldfish» (1936)
  • «The Man Who Liked Dogs» (1936)
  • «Pickup on Noon Street» (1936; først publisert som «Noon Street Nemesis»)
  • «The Curtain» (1936)
  • «Try the Girl» (1937)
  • «Mandarin's Jade» (1937)
  • «The King in Yellow» (1938)
  • «Red Wind» (1938)
  • «Bay City Blues» (1938)
  • «Pearls Are a Nuisance» (1939)
  • «Trouble is My Business» (1939)
  • «I'll Be Waiting» (1939)
  • «The Bronze Door» (1939)
  • «No Crime in the Mountains» (1941)
  • «Professor Bingo's Snuff» (1951)
  • «The Pencil» (gjeve ut posthumt i 1961; originaltittel «Marlowe Takes on the Syndicate»)
  • «English Summer» (gjeve ut posthumt 1976)





Kjelder[endre | endre wikiteksten]