Raytheon Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raytheon Company


Selskapsformcorporation Sjå dette på Wikidata
Skipa7. juli 1922
DotterselskapRaytheon Integrated Defense Systems, Raytheon Missiles & Defense, Raytheon (United Kingdom), Raytheon (Germany), Raytheon (Canada), Space and Information Systems Division, Anschütz, Caedmon Audio Sjå dette på Wikidata
EigarThe Vanguard Group, Delaware Management Business Trust Sjå dette på Wikidata
Bransjeluft- og romfartsindustri
ProduktMIM-104 Patriot Sjå dette på Wikidata
LandUSA Sjå dette på Wikidata
HovudkontorWaltham Sjå dette på Wikidata
GrunnleggjarVannevar Bush
Dagleg leiarWilliam H. Swanson
Tilsette70 000 (2019)[1]
Omsetnad29 176 000 000 US-dollar (2019)[1]
Resultat3 342 000 000 US-dollar (2019)[1]
Markedsverdi42 080 000 000 US-dollar (2016)
Nedlagd3. april 2020

Raytheon Company var eit stort amerikansk industriføretak i forsvarsbransjen. Hovudområda var utvikling og produksjon av forsvarsmateriell og sivil elektronikk. Fram til 2007 var dei involvert i flyproduksjon. Raytheon var den største produsenten i verda av styrte missil.[2] I april 2020 slo selskapet seg saman med United Technologies Corporation til Raytheon Technologies.[3]

Selskapet vart etablert i 1922 og vart eit aksjeselskap i 1928. Namnet Raytheon Companyvart teke i bruk i 1959. Selskapet hadde rundt 73 000 tilsette rundt i verda og årleg omsetnad på rundt USD 20 milliardar. Meir enn 90 % av omsetnaden kom frå forsvarskontraktar, og i 2007 var dei verdas femte største forsvarsføretak, og er fjerde størst i USA etter omsetnad (etter Lockheed Martin, Boeing og Northrop Grumman).[4]

Hovudkvarteret til føretaket vart flytt frå Lexington i Massachusetts til Waltham i Massachusetts 27. oktober 2003.[5] Det hadde òg hovudkvarteret sitt i Waltham mellom 1941 og 1961, før det flytta til Lexington.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Raytheon-missil på messe

Missil[endre | endre wikiteksten]

Kjende missil frå selskapet:

  • AGM-65 Maverick
  • AGM-88 HARM
  • AGM-129 ACM (Advanced Cruise Missile)
  • AGM-154 Joint Standoff Weapon
  • AIM-7 Sparrow
  • AIM-9 Sidewinder
  • AIM-120 AMRAAM
  • BGM-109 Tomahawk
  • MIM-23 Hawk
  • MIM-104 Patriot
  • RIM-7 Sea Sparrow
  • RIM-162 ESSM

Kjelder[endre | endre wikiteksten]