Vannevar Bush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Vannevar Bush
Vannevar Bush portrait.jpg
Vannevar Bush, ca 1940-1944
Fødd 11. mars 1890
Everett i Massachusetts i USA
Død 28. juni 1974 (84 år)
Belmont i Massachusetts i USA
Nasjonalitet USA
Område futures studies
Yrke forskar, ingeniør, politikar, universitetslærar, informatikar
Institusjonar Massachusetts Institute of Technology
Alma mater B.A. Tufts College 1913
Ph.D. MIT 1917
Doktorgradsrettleiar Dugald C. Jackson
Ektefelle Phoebe Davis
Medlem MIT Corporation
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

Vannevar Bush (11. mars 189028. juni 1974) var ein amerikansk forskar og ingeniør som er kjent for arbeidet sitt innan analoge reknemaskinar, den politiske rolla si i utviklinga av atombomba og ideen om hypertekst. Han var vitskapleg rådgjevar for president Roosevelt.

Bush var direktør for Office of Scientific Research and Development (OSRD) 1941–1947, og hadde dermed ansvaret for å koordinere all amerikansk krigsrelatert forsking under andre verdskrigen. Eit av prosjekta til OSRD vart forløparen til Manhattanprosjektet, som seinare utvikla dei første kjernefysiske våpena.

Bush har ei sentral rolle i historia til hyperteksten. Artikkelen hans As We May Think, publisert i The Atlantic Monthly i juli 1945, der han skildrar det teoretiske hypertekstsystemet Memex, er opphavet til ideen om hypertekst. Systemet vart aldri implementert, men la grunnlaget for seinare forsking, og har mange likskapstrekk med World Wide Web.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]