Reaktans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reaktans er den delen i ein vekselstraumkrins av impedansen som er reaktiv, som skuldast induktansen og kapasitansen. Den andre delen vert kalla resistans. Nemninga er og måleininga er Ohm, [].

Ein negativ reaktans er kapasitiv, ein positiv reaktans er induktiv. Ved seriekopling av krinselement blir den induktive reaktansen lik ωL, der ω er vinkelfrekvensen til straumen (ω = 2π f, der f er frekvensen) og L er sjølvinduktans i krinsen. Den kapasitive reaktansen er negativ og lik –1/(ωC), der C er kapasitansen.

Reaktansen medfører ikkje energitap i krinsen, men skapar faseforskyving mellom straum og spenning.

Den inverse storleiken er suseptans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]