Recklinghausen
| Recklinghausen | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
| Region | Münster | ||
| Landkreis | Recklinghausen | ||
| Høgd | 85 m | ||
| Areal | 66,5 km² | ||
| Folketal | 111 693 (31. desember 2023) | ||
| Først nemnd i | 1017 | ||
| Postnummer | 45601–45665 | ||
| Retningsnummer | 02361 | ||
| Bilnummer | RE | ||
![]() Recklinghausen 51°37′00″N 7°12′00″E / 51.616666666667°N 7.2°E | |||
| Wikimedia Commons: Recklinghausen | |||
Recklinghausen er ein by i Tyskland i Ruhrområdet i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 110 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonsstad i landkreisen med same namn.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Recklinghausen vart først nemnd i år 1017 som Richoldinchuson. Sidan 1150 har byen vore sentrum i det såkalla Vest Recklinghausen, eit forvaltings- og domstolsområde for heile regionen. Vest Recklinghausen høyrte til kurfyrstedømet Köln fram til 1802. I 1236 fekk Recklinghausen fullstendige byrettar.
Mellom 1514 og 1706 vart det brend hekser i byen. Forfølgjinga av heksane hadde sitt høgdepunkt i 1580–1581 og 1588–1589.
Etter at kurfyrstedømet Köln vart avskaffa kom Recklinghausen til hertugdømet Arenberg, i 1811 til storhertugdømet Berg og i 1814 til den prøyssiske sivilstyresmakta mellom Weser og Rhinen. I 1815 vart byen ein del av provinsen Westfalen i Preussen.
I 1949 vart Recklinghausen ein storby, det vil sei at han fekk meir enn 100 000 innbyggjarar. I 1975 vart Recklinghausen sete i kreisen Recklinghausen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Recklinghausen» frå Wikipedia på svensk, den 15. juli 2007.
