Kurfyrstedømet Köln

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erzstift und Kurfürstentum Köln
eller Kurerzstift Köln
Kurfyrstedømet Köln
Stat i Det tysk-romerske riket
Kurfyrstedøme
Duchy of Lorraine
953 – 1803 Cologne
 
Flag of Hesse.svg
 
Flagge Herzogtum Nassau (1806-1866).svg
 
Wied-Runkel
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Køln
Kart over nedre Rhinen kring 1560, Kurfyrstedømet
Köln med hertugdømet Westfalen i raudt
Hovudstad Köln (fram til 1288)
Bonn (1597)
Styreform Teokrati
Historisk periode Mellomalderen
 - Bispedøme oppretta Romarriket
 - Opphøgd til erkebiskopdøme kring 450
 - Bruno I erkebiskop 953
 - Erkekanslar av Italia 1031
 - Köln gjort til fri keisarby 1288
 - Vart med i Den kur-rhinske rikskrinsen 1512
 - Tysk mediatisering 1803

Kurfyrstedømet Köln (tysk Kurfürstentum Köln eller Kurköln) var eit geistleg fyrstedøme i Det tysk-romerske riket og eksisterte frå 900-talet til tidleg på 1800-talet. Det bestod av dei tidmessige områda til det romersk-katolske erkebispedømet Köln (tysk Erzbistum Köln). Det var styrt av erkebiskopen i stillinga hans som kurfyrste i riket. Houvstaden i kurfyrstedømet var Köln (fram til 1288) og så Bonn. Det vart sekularisert i 1803 under den tyske mediatiseringa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Köln er den gamle romerske byen Colonia Agrippina og har hatt bispesetet sidan romartida. I 953 var første gongen erkebiskopane av Köln fekk nemneverdig sekulær makt, då biskop Bruno vart utpeikt som hertug av broren sin keisar Otto I. For å svekke den verdslege adelen, som truga makta hans, gav Otto Bruno og etterkomarane hans på bispesetet forrettar føre dei verdslege prinsane. Dette var byrjinga på kurfyrstedømet Köln. Det bestod av områda til erkebiskopen og omfatta til slutt ei landstripe mellom venstrebreidda av Rhinen aust for Jülich, i tillegg til hertugdømet Westfalen på den andre sida av Rhinen, bortanfor Berg og Mark.

Mot slutten av 1100-talet vart rettane til velje den tysk-romerske keisaren avgrensa til fire verdslege og tre geistleg fyrstar, av dei erkebiskopen av Köln. I tillegg ti å vere kurfyrste, var han erkekanslar av Italia i tillegg, teknisk sett frå 1238 og permanent frå 1263 fram til 1803. Etter slaget ved Worringen i 1288 vart Köln sjølvstendig får erkebiskopane og vart ein fri keisarby. Residensen til erkebiskopen vart derfor flytta til Bonn.

Under 1500-talet konverterte to erkebiskopar i Köln til protestantisme. Den første, Hermann von Wied, sa frå seg erkebispestillinga då han konverterte, men Gebhard Truchsess von Waldburg som konverterte til kalvinismen i 1582, prøvde å sekularisere erkebispedømet. Han gifta seg i februar året etter og då han nekta å sei frå seg territoriet, vart den konkurrerande erkebiskopen og kurfyrsten Ernst av Bayern valt. Paven betalte italienske og spanske leigesoldatar, bayerane sende ein arme, medan dei protestantiske nederlandske statane prøvde å halde kalvinisme i kurfyrstedømet. Kölnerkrigen øydela det meste av økonomien i kurfyrstedømet. Mange landsbyar og byar vart kringsette og øydelagde. Omleiringa av Godesberg i november–desember 1583 enda med at Godesburg-borga vart øydelagd og dei fleste av innbyggjarane massakrerte. Etter fleire kringsetjingar, gav den protestantiske utfordraren, som vart valt i 1579, opp kravet sitt om stillinga og trekte seg attende til Strasbourg med kona si. Ei arme frå Bayern sette så broren til hertugen av Bayern, Ernst som erkebiskop - den første suksessrike motreformasjonen i Tyskland. Under retninga hans vart gjeninnførte jesuittar katolisismen i kurfyrstedømet. Fram då og fram til midten av 1700-talet, gjekk erkebispedømet i røynda til den nest eldste i Wittelsbach-familien i Bayern. Erkebiskopen i denne perioden heldt som regel òg bispedømet Münster (og ofte bipsedømet Liège), og var ein av dei viktigaste fyrstane nordvest i Tyskland.

Etter 1795 vart områda til kurfystedømet på venstresida av Rhinen okkupert av Frankrike og formelt annektert i 1801. Reichsdeputationshauptschluss frå 1803 sekulariserte resten av erkebispedømet og gav hertugdømet Westfalen til landgrevskapet Hessen-Darmstadt. Köln vart derimot gjenoppretta som setet for ein katolsk erkebiskop i 1824 og har vore eit erkebispedøme fram til i dag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°0′N 6°50′E